Foto:Ole Espen Strand

Forenkla, fornya og forverra for vekependlerane

Telemark Høgre reagerar svært negativt på ytterlegare innstrammingar og endringane i vilkåra for vekependlerane. Me vil arbeide for at situasjonen for vekependlerane ikkje blir forverra.


I generasjonar har arbeidsfolk reist land og strand for å vera med å bygge landet.
Store infrastrukturprosjekt som veg, jernbane, kraftutbyggingar og oljevirksomhet er nokon eksempel på den avgjerande betydninga som pendlerane har for at dette skal kunne realiserast.

Andre eksempel er dei mange byggeprosjekta i dei store byane og særleg i hovedstadregionen. Utan pendlarvirksomheten ville det vera svært krevjande å skaffe tilstrekkeleg og kvalifisera arbeidskraft til desse prosjekta.

Det er derfor beklageleg at regjeringa dei seinare åra har gjort omfattande reduksjonar i pendlarfrådraga. Det gjeld frådrag for reisekostnader mellom heim og arbeidstad, for besøksreiser mellom arbeidsbustad og heim og ekstrakostnader for måltider og overnatting.

I tillegg til at pendlarvirksomheten er avgjerande for å bygge landet er det også svært verdifullt for å kunne oppretthalde busetting ute i distrikta.

Det at den eine parten i familien pendlar gjer ofte at resten av familien kan bu der dei ynskjer. Derfor er det også svært overaskande at regjeringa foreslår å tidsbegrense frådraget til 24 månader med begrunnelse i at dette skulle vera tilstrekkeleg tid til å tilpasse seg.

Dette kan ikkje tolkast på annan måte enn at det er eit ynskje om at pendlerane skal flytte permanent til den staden dei arbeider. Dette vil få store konsekvensar for busettinga i distrikta. 

I Telemark er det lange tradisjonar for å ligge vekk på arbeid og mange er i den situasjonen. Telemark Høgre vil nå ta eit initiativ overfor Høgre sentralt med sterk anmodning om at innstramminga av skattefrådraga til pendlerane må bli reversera.