Søk

Grunn til forsiktig optimisme

Ledigheten kan vere på veg ned.  Økonomer og bedrifter melder nå om forsiktig optimisme.  Denne veka har det kome fleire positive meldingar om norsk økonomi. 

For fyrste gong sidan oljeprisen blei halvera planlegg arbeidsgivarane nå å tilsette  fleire , det kom fram i Manpowers ferske arbeidsmarkedsbarometer.

Høgre er oppatt av å få ledigheten ned og skape ny vekst og optimisme i Norge.  Det er derfor vi har løyvd fem milliardar til ei tiltakspakke målretta mot dei områdane der ledigheten er størst. 

Like viktig er det å styrke den langsiktige vekstkrafta i norsk økonomi.  Derfor har Høgre brukt dei store pengane på det som betyr mest: investeringar i kunnskap, samferdsel, forsking, innovasjon og vekstfremjande skattelette.  Det vil styrke bedriftene sin konkurranseevne og dermed skape nye jobbar som bidreg til å finansiere vår velferd.

Å auke skattane for dei som skal skape dei nye jobbane ,slik som Arbeiderpartiet foreslår, er ingen god løysing og er motsett medisin av det bedriftene etterspør.
Samferdselsbudsjettet er auka med 40 prosent på tre år.  Det har gitt stor aktivitet i byggenæringen, samtidig som næringsliv og pendlerar får ein betre kvardag.

Satsinga på næringsretta forsking og innovasjon er auka med 2,4 milliardar. Det bidreg til at det blir skapt nye lønsame jobbar i privat sektor. Og vi har senka skattar og avgifter med 18,4 milliardar.

Denne veka kom Cappelen-utvalet, som har sett på lønnsdannlesen i Norge i lys av nye økonomiske utviklingstrekk, med sin rapport som seier at den økonomiske politikken har dempa nedgangen i norsk økonomi, og det har skjedd raskare enn LO, NHO og resten av partane i arbeidslivet trudde.  Responsen frå regjeringa har også vore raskare og kraftigare enn forventa meiner utvalet. Utvalet meiner at den økonomiske politikken har bidrege til å stabilisere økonomien etter fallet i oljeprisen og nedgangen i oljeinvesteringane.


Cappelen –utvalet meiner at det ser lysare ut ved dette tilbakeslaget, samanlikna med dei to tidlegare krisene i 1987-1992 og 2008-2009.  Utvalet peikar på at ledigheten ser ut til å auke mindre, sysselsetjing har falt mindre og konkurranseevna er styrka, samanlikna med tidlegare kriser.  Dei viser til at tilbakeslaget i norsk økonomi denne gongen er av meir strukturell karakter ,og behovet for omstilling er større. Den omstillinga er vi godt i gang med og Cappelen utvalet sin rapport viser at regjeringa fører ein politikk som styrker velferda i dag og trygger Norge for framtida.