Søk
Solveig Sundbø Abrahamsen og Statsminister Erna Solberg på Telemark Høyres årsmøte mars 2015

Nå får fleire pasientar raskare behandling

1. november får alle pasientar bedre rettar og vi innfører fritt behandlingsvalg, skriver Solveig Sundbø Abrahamsen i dette innlegget.

Det blir kortare ventetid, auka valfridom og enklare for pasientane. I valkampen i 2013 sa vi at vi skulle redusere tida sjuke venta på behandling.  Vi sa vi skulle bruke meir av kapasiteten hjå det offentlige, private og ideelle. Nå leverer vi. Regjeringen innfører fritt behandlingsvalg fra 1 november. Fleire pasientar får nå sjølve velge kor dei skal få undersøking og behandling.

Vi startar med rusavhengige og psykisk sjuke.  Desse pasientane har lenge sitte nederst ved det helsepolitiske bordet. Nå skal dei få meir valfridom og kortare ventetid, og dei får fleire behandlingstilbod å velge mellom. I tillegg får ei gruppe pasientar med hjarte-og karsjukdom, prostata og slitasje i kne og hofte velge behandlingsstad.

Vi styrkar også samstundes rettane til alle pasientar.  Frå 1. november er det sjukehuset, og ikkje den som er sjuk ,som skal sørge for  ny behandlingsstad viss fristane for utredning og behandling ikkje blir holdt.  Vi innfører 10 dagars frist for informasjon om time på sjukehus, tidligare var grensen 30 dagar.  Og vi gjer det lettare og meir oversiktlig for pasientane å velge behandlingssatd på nett og telefon.

Regjeringen er godt i gang med å skape pasientens helseteneste.  Det er pasientane som er hovedpersonane , og det er pasientane sine  behov som skal vera styrande når vi utviklar helsetenestene.