Innlegg i trontaledebatten

Mandag 9. oktober var det høytidelig åpning av det 162. Storting. Tirsdag 10. oktober holdt stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen sitt innlegg i trontaledebatten.


Norge er eit godt land å bu i, ja vi er jamvel kåra til verdas lykkelegaste land.  Det seier noko om at Norge er eit land  med moglegheiter for alle til å leve gode liv.

Me er eit høgt utdanna befolkning, me har store naturressursar, små forskjellar  og ein opne økonomi som bidreg til effektiv produksjon og varebytte. Men me har også utfordringar. Det alvorlege oljeprisfallet vi opplevde i 2014 ga oss ein påminning om  sårbarheten i det å ha ei så stor og dominerande næring.

Behovet for omstilling og fleire bein å stå på har vore regjeringas fremste oppgåve i førre stortingsperioden. Finans og pengepolitikken som regjeringa har ført har vore godt tilpassa situasjonen i norsk økonomi, partane i arbeidslivet har opptredd ansvarlig og  fallet i kronkursen har  gjort  norsk eksportindustri meir konkurransedyktig og Norge betydelig billegare som reisemål for turister. Det vises i sterk vekst i eksport av sjømat og ein sterk vekst i reiseliv.

Det er gledelig å oppleve på bedriftsbesøk, om det er i mitt heimfylke Telemark eller på besøk i Hordaland, at det er optimisme blant bedriftsledere. Tilbakemeldingane er mange som går på planer om utvidelser, og nyansettelser. Bedriftene melder også om stor grad av forsking og utviklingsarbeid der dei framhevar skattefunnordningen som eit godt verktøy.

Veksten er på veg opp og ledigheten på veg ned. I mitt heimfylke har ikkje ledigheten vore lågare enn på 9 år og Finans Norge sitt «Forventingnsbarometer» viser at nordmenn i alle deler av landet har fått tilbake trua på at Norge går mot lysere økonomiske tider.

Klimaendringene vi opplever i verden vil gje oss meir ekstremvær, og me vil heller ikke i Norge sleppe unna store øydelegginger og dramatiske situasjonar, slik som nett nå under flommen i Agder. At klimaendringane er ein av våre store utfordringer er dei fleste einige om og klima-avtala fra Paris 2015 forpliktar oss til å sette dette på dagsorden i alle sektorar.

Rundt eine tredjedel av klimagassane er tilknytta transport. Regjeringen satsing på jernbane, på kollektivutbygging , og på vegutbygging, samt  dreiing avgiftssystem som stimulerer til rask innfasing av miljøvennlig kjøretøy er politikk som virker på vegen mot eit lågutslepp samfunn.

I Telemark har me mykje industri og me var stolte over at næringsministeren valgte Herøya industripark som staden for å legge fram industrimeldinga, den fyrste sidan 1981.

Yara er eine verdensledande  bedrift ved parken som produserar mineralgjødsel og som i dag frakter gjødselen med bil til containerterminaler i Brevik og Larvik. Yara har sammen med Kongsberg Gruppen utvikla verdas første førarlause og heil elektriske containerskip, «Yara Birkeland». Enova bidreg med 133 millioner kroner i støtte som skal erstatte 40 000 årlige lastebilturar. Yara Birkeland prosjektet er eit godt eksempel på eit samarbeid  mellom offentlig og privat næringsliv  for å utvikle ny teknologi og skape nye næringer. Det må vi ha meir av i  framtida, for endringane me står overfor vil krevje auka omstilling i mange sektorar.