Jordbruksoppgjøret 2018

Eg vil begynne med å takke Bønder i Norge som bidreg til at me som forbrukerar får trygg og variert mat av god kvalitet, sa stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen fra Stortingets talerstol.


Men landbruket bidrar også til busetting og næringsliv over hele landet,  og spelar ei viktig rolle for å ivareta kulturlandskap  og vidareføre tradisjonell kunnskap og kultur.

 Det var med stor glede me mottok melding 16 mai om at årets vakraste eventyr , jordbruksforhandlingane mellom staten og jordbruket ved Norges Bondelag og Norsk Bonde –og Småbrukarlag ,enda med ei avtale. Det er gledelig fordi  Høgre er opptatt av å slutte opp om  om  avtaleinstituttet ( som blir styrt av Hovedavtala frå 1950 , oppdatert i 1992).

Og det er gledelig å få tilbakemeldingar frå bønder som er tilfredse og godt fornøgde med årets satsing i jordbruksoppgjøret.

I mitt heimfylke Telemark opplever eg at det er optimisme i landbruket , og det er spesielt flott at så mange unge viser interesse for næringen og vil investere i moderne gardsbruk. Telemark har eit veldig stort  potensial, med store areal og stor variasjon innan matproduksjon

Ei verdiskapsanalyse , ei slags statusrapport for dei siste åra ,for jordbruket i Telemark som Fylkesmannen og Telemark landbruksselskap la fram i fjor , viser at det ser positivt ut for landbruket ,det er god produksjon og mange som bidreg til sysselsetting.

Eit vekst og satsingsområde i Telemark har vore Frukt- og gjennom prosjektet «Frukt i Fokus» har Telemark oppnådd geografisk beskyttelse og spesialistmerke for Telemarkseple- Telemarksplommer og Telemarksmoreller.  Innan 2018 skal fruktdyrkerar i Telemark utvide aralet med 700 daa. Det har i seg eit potensial til å auke produksjonen av konsumeple frå Telemark med 1000 tonn innan 2022.

Jordbruksavtala er bra for Telemark og bøndene har gjennom årets jordbruksavtale fått gjennomslag for  særskilt tilskot til små og mellomstore bruk noko som bøndene har uttrykt har vore ei viktig krav. Likeeins  styrking av velferdordningane,eige tilskot for drift i vanskelig og bratt lende, satsing på dei produksjonane som det er store marknadsmoglegheitar i som frukt, bær ,grønt og korn.  Samtidig er det uttrykt tilfredshet med at det vert gjort viktige grep for å handtere overproduksjon på spesielt sau og svin ,men også mjølk.  Eit nasjonalt støyltilskot ver også innført med kr 50 000.

Alt dette er med på å understreke at regjeringa meiner alvor når ein seier ein ønskjer landbruk i heile landet og at ein ser på bonden som ein sjølvstendig næringsdrivande med moglegheiter og ansvar til å organisere drifta slik dei sjølv er best tent med.