Lågaste arbeidsløyse på ni år

Arbeiderpartiet var kritiske, men hadde få eigne svar. Nå har  me fasiten.


Telemark med Høgre i regjering har gått frå den høgaste arbeidsløysa til den lågaste registreret arbeidsløysa på ni år.  Arbeidsløysa går ned ,veksten går opp og det blir skapt nye jobbar.

Fallet i oljeprisen i 2014 førte til ein dramatisk situasjon for norsk økonomi ,og sjølv om Telemark er bladt dei minst oljeavhengige fylka i landet blei også me ramma. I desember 2014 kunne NRK melde at Telemark hadde den høgaste arbeidsløysa i landet. Nesten 3000 personar var utan arbeid.

Arbeidsløysa rammar enkelpersonar og familiar. Det rammar lokalsamfunn og skatteinntekter. Ei av Høgre sine hovudsaker i valet er å trygge dei arbeidsplassane me har og legge til rette for å skape nye.

Eit sterkt næringsliv er det aller viktigaste for å finansiere velferda vår, Eit sterkt næringsliv gir trygge arbeidsplassar og skatteinntekter for å betale for velferda vår. Telemark er bygd på sterke ,private arbeidsplassar som sel varene sine til utlandet. Utan dei blir me fattigare.

Me treng nye arbeidsplassar som bidreg til statsbudsjettet, og dei må fyrst og fremst koma i privat sektor. Då oljeprisfallet kom reagera regjeringa raskt. Milliardar av kroner blei pumpa inn i norsk økonomi til ein rekordhøg satsing på samferdsel, vedlikehald av offentlege bygg og vekstfremjande skattelette. Arbeiderpartiet var kritiske, men hadde få eigne svar. Nå har  me fasiten.

NAV meldte i juni at arbeidsløysa i Telemark er den lågaste på ni år. Det skuldast sjølvsagt ikkje bare politikk, slik oljeprisfallet heller ikkje skuldast politikk. Men politiske val kan gjere det enklare eller vanskelegare å trygge arbeidsplassar og skape nye jobbar. Eg trur ikkje eit løfte om å auke skattar og avgifter med heile 15 milliardar kroner for bedrifter, arbeidsplassar og folk flest vil gi fleire arbeidsplassar. Me må satse vidare på veg og jernbane, på å senke kostandane på arbeidsplassar i Norge og på kunnskap og forsking. Det er kva valet står om i haust.