Nei til eggdonasjon

Endringar i bioteknologiloven handlar om mykje meir enn om eggdonasjon, likevel har eggdonasjon fått størst oppmerksomhet fordi det handlar om korvidt ein meiner at staten aktivt skal gå inn å løyse opp biologiske familieband, det handlar om å tillate å flytte grenser. Eg opplever at denne debatten i stor grad handlar om vaksne sine ønskje om å få barn, og i liten grad ser barnets perspektiv og behov.


Er det ein rettighet å få barn?

Er barnets behov for å vite om sitt biologiske opphav viktig?

Kva samfunn ønskjer vi oss?

 

Eg tur det er viktig for barnet å vite, om mange andre ting i verden er usikkert, at den som har født deg er mor di.

Eg blir i diskusjoner møtt med fleire motforestilliger;

Det eine er – ja, men da reiser folk bare til andre land som tillet eggdonasjon  og da mister ein kontroll ,og det er bare dei ressurssterke som får tilbudet. I denne type saker meiner eg det blir feil å la andre lands lovgivning vere bestemmende for kva me i Norge skal ha for reguleringer/lover. Me må ta ein sjølvstendig beslutning- uavhengig av kva andre land tillet.

Skal ikkje alle kvinner ha like retter til å få barn? 

Eg meiner me må tore å sei at det er ingen rettighet å få barn.  Livet blir aldri heilt rettferdig. Me må våge å setje grenser for kva som er teknologisk mogeleg, viss ikkje er vegen kort mot eit sorteringssamfunn.  Me må våge å kjempe for barnets behov og rett til  å kjenne sitt genetisk-biologiske opphav. Høgre  er eit verdikonservativt parti som i formålsparagrafen har nedfelt at me vil føre ein konservativ fremskrittspolitikk bygd på det kristne kulturgrunnlaget, å tillate eggdonasjon meiner eg bryt med verdigrunnlaget partiet er bygd på.

Eg stiller meg bak fleiratlets innstilling til prinsipprogram.