Søk

Slutt å snakke ned storsatsinga på E-134

I årevis har norske vegar lidd under stykkevis og delt utbygging, utan noko heilskapleg prioritering og plan. No har regjeringa tatt ei historisk avgjerd, nemleg at det skal prioriterast to hovudvegar som skal rustas opp til fullgod standard – ein standard som er ein europaveg verdig. At E134 er vald som ein av desse, betyr at vegen endeleg blir prioritert, skriver Toril Eidsheim og Solveig Sundbø Abrahamsen i dette innlegget.
I fleire innlegg lokalt og regionalt kjem Vegforum Øst-Vest, med til dels kraftige utfall mot Høgre og regjeringa for å ha fatta nettopp denne avgjerda om at E134 skal vere ein av to hovudvegar mellom aust- og vestlandet. Det synes gløymt – eller kanskje berre gøymt -  at det faktisk er teke ei historisk avgjerd i denne samanhengen. Vegforumet burde heller vurdere å rette sin iherdige innsats for raskast mogleg realisering!

Det kan heller ikkje overraske Vegforum Øst-Vest at sjølv om E134 skal byggjast ut og rustast opp, så skal det i tillegg brukast pengar på andre vegar i landet, også vegar som går mellom aust og vest. Dei ulike vegane tener ulike regionar og ulike formål, og det har aldri vore på tale å leggje ned øvrige vegar. At regjeringa har sagt den vil vente med å utgreie arm til Bergen handlar om ressursbruk. Det betyr at pengar og planinnsats no kan gå til oppgradering av dagens E134-trase. Det er verdt å minne om at diagonalen er kostnadsrekna til om lag 20 milliardar og at det i rapporten frå SVV er peika på som ei løysing i eit 2050 perspektiv. Det er då opplagt at det ikkje er tenleg å starte omfattande kvu arbeid i 2016. Norge har sett nok av utgreiingar og lokale omkampar i tidlege fasar av prosjekt som har vore ressurskrevjande og som har ofte endt med at planane har vore utdatert når prosjektet endeleg er modent for realisering.

Det vil koste mykje å ruste opp dagens E134 dei neste åra. Men regjeringa har tatt ei historisk avgjerd om at E134 i sin heilskap skal rustas opp til fullgod standard. Regjeringa har bedt vegvesenet kome attende med ei vurdering om det er Rauland eller Seljord som er best trase, innan Nasjonal transportplan skal leggjast fram for Stortinget. Å leggje føringar for dette no slik Vegforum insinuerer ville vore uklokt.

Vi i Høgre er opptatt av ressursbruk både når det gjeld vegbygging og elles. I staden for å rasle med sablane og spreie rykter, burde Vegforum Øst-Vest bruke ressursane konstruktivt for at E134 vert rusta opp raskast mogleg. I samarbeid kunne vi då bidratt til at vi i Norge frametter vil sjå meir av heilskapleg utbygging og målretta pengebruk.

Høgre har aldri sagt nei til ein arm frå E134 til Bergen, men vi har sagt at på dette tidspunktet er det ikkje det prosjektet som hastar mest for E134  eller for overordna infrastruktursatsing i Norge. Desse vurderingane har ein god tid på og det kan og vil det tas ei god, heilskapleg vurdering på når tida er mogen.