Senterpartiet trugar arbeidsplassane

Viss Senterpartiet får gjennomslag for sin politikk vil det truge arbeidsplassane i fylket vårt.


I fjor eksportera bedrifter i Telemark  for 13 milliardar kroner til EØS-landa. Det er enorme verdiar og eksporten sikrar arbeidsplassar, skatteinntekter og vekst i Telemark. Tal frå Norsk Industri  viser at vareeksporten frå bedriftene i Telemark var 18,4 milliardar kroner i 2016. Av dette gjekk 13 milliardar kroner til EØS-landa, altså 71 prosent av handelen. Kjemiske produkt og andre industrivarer sto aleine for 17,5 milliarder av eksportinntektene i fjor.  Til saman utgjer dette 96 prosent av eksporten frå Telemark.

Senterpartiet har som ein av sine fanesaker at EØS-avtala skal seiast opp. Det bør alle som er opptatt av industrien i Telemark merke seg. Denne avtala sikrar nemleg tilgang til vårt desidert største marknad, og gjev dermed tryggleik for mange arbeidsplassar.

Senterpartiet unnskylder seg med  at dei i staden vil ha ei frihandelsavtale med EU. Det hjelper lite. Både fordi det er stor sjanse for at EU då vil legge straffetoll på ein del norske varer ,men også sjølve usikkerheita  rundt kva ei slik avtale vil innehalde i seg sjølv vil gjere arbeidsplassane utrygge.

Sanninga er at Senterpartiet sin politikk passar ekstremt dårleg for eit eksportretta industrifylke som Telemark. Me må sikre den stabiliteten EØS-avtala inneber. Samtidig vil vi i Høgre fortsette ei rekordhøg satsing på veg og bane, sikre industrien føreseielege  rammevilkår og forsterke løftet på fag og yrkesopplæringa.