Søk

Et statsbudsjett for arbeid,aktivitet og omstilling

I ein svært  krevjande situasjon kor norsk økonomi er pressa av oljeprisen og flyktningekrise er det viktigare enn nokon gong at vi brukar pengane våre på arbeid, aktivitet og omstilling.
Fallet i oljeprisen og aktiviteten på norsk sokkel gjer at norsk økonomi er i motbakke. Derfor gir regjeringen meir gass for at økonomien skal halde farten. Alternativet til å bruke meir oljepenger ville vore at arbeidsløysa stig enda meir enn den gjer ,og at omstillingen til ein mindre oljeavhengig økonomi vil ta enda lengre tid.

Vi opplever i dag ein stor straum av flyktningar til Norge. Mange av dei som kjem vil bli buande. Å få flest mogleg ut i arbeid er eit mål og det vil gi bedre integrering.

Det er ein utfordring at dei kjem i ein situasjon kor arbeidsløysa i landet er aukande. Det gjer det enda viktigare å skape fleire jobbar og ha eit fleksibelt arbeidsmarked kor det å få yrkeserfaring er mogeleg også for denne gruppa.

Regjeringen legg opp til to spor for å møte situasjonen. Den kortsiktige arbeidsløysa med kortsiktige tiltak som ikkje medfører varige auka utgifter for staten,f.eks auka investeringar i infrastruktur.  Det medfører auka aktivitet og arbeidsplassar godt tilpassa dei yrka som i størst grad er ramma av  arbeidsløyse.

Den langsiktige arbeidsløysa motarbeider vi best gjennom å legge til rette for at næringslivet kan skape nye trygge arbeidsplassar. Det betyr satsing på samferdsel forsking og innovasjon og vekstfremjande skattelette.

Regjeringa tek i statsbudsjettet for 2016 eit skritt i omlegging til eit skattesystem som skal oppmuntre til at vi må skape meir ikkje skatte meir.  Dette er viktig for Høgre at eit nytt skattesystem ikkje gir utanlandske investorer meir igjen for pengane i Norge enn det gjer for norske investorer.

Statsbudsjett for 2016 er eit budsjett for ein spesiell situasjon. Nå treng vi arbeid, aktivitet og omstilling. Det betyr auka midlertidig pengebruk, heilt i tråd med handlingsregelen. Det viktigste er at vi set i verk tiltak som på sikt vil skape nye arbeidsplassar og auka inntekter, ikkje auka offentlige utgifter- slik dei raudgrøne gjorde under finanskrisa.