Base for luftambulanse i Vinje.

Regjeringspartiene fra Vestfold og Telemark støtter alle opp med fylkestyrevedtak om etablering av luftambulanse i Vinje
Regjeringspartiene fra Vestfold og Telemark støtter alle opp med fylkesstyrevedtak om etablering av luftambulanse i Vinje. Carl -Erik Grimstad ,Geir Jørgen Bekkevold , Bent Høie, Solveig Sundbø Abrahamsen og Erlend Larsen

Ein base for luftambulanse lokalisera i Vinje handlar om at fleire som bur og oppheld seg i øvre Telemark og Setesdalen også skal få ta del i den akuttmedisinske faglege utviklinga.


Stortinget har vedteke eit helsepolitisk mål om likeverdige helsetenester uavhengig kvar ein

bur. Ein base for luftambulanse lokalisera i Vinje handlar om at fleire som bur og oppheld seg i øvre Telemark og Setesdalen også skal få ta del i den akuttmedisinske faglege utviklinga.

I dette området er det langt til sjukehus, og det er ein dårlegare beredskap enn i resten av

Sør-Noreg.

 

Sjukhusa ligg stort sett langs kysten og utviklinga visar at ein meir og meir samlar spesialisttenester og akuttfunksjonar på færre sjukehus. Det fører til lenger reiseveg til aktuelt sjukehus frå område som Vest-Telemark, og vil ytterlegare styrke behovet for betre beredskap knytt til akutthelsetenester/luftambulanse for dette område.

Det er tida fram til pasienten som er avgjerande, og ofte den kritiske faktoren for overleving og potensialet for rehabilitering. Tida frå luftambulanse har kome fram til pasient og til pasienten er på sjukehus vil vera lik uansett kvar helikopteret kjem frå.

90% av nytta eit luftambulansehelikopter gjer i ein akuttfunksjon er det som skjer med pasienten frå anestesilege med utstyr i helikopteret er på plass ved pasienten.

Ved oppretting av ein base i Vinje vil beredskapen auke monaleg og Stortinget vil vera mykje nærare sitt helsepolitiske mål om likeverdige helsetenester.

 

Fylkesstyret – Vestfold og Telemark Høgre