Billigare utbygging av E18 kjem bilistane til gode

– Me skal bygge saman bu- og arbeidsmarknader i heile landet. Dette har vegselskapet Nye Veier vist at dei klarer. No skal dei starte opp utbygginga av E18 frå Langangen til Rugtvedt, seier Stortingsrepresentant, Solveig Sundbø Abrahamsen


Dette er nok eit viktig steg mot samanhengande firefelts veg frå Oslo til Kristiansand. Det er òg svært gledeleg at dei samla kostnadane for utbygginga mellom Langangen og Dørdal, lenger sør, bli betydeleg lågare enn tidligare antatt, seier Solveig Sundbø Abrahamsen

Strekninga frå Langangen forbi Porsgrunn, over Grenlandsfjorden til Rugtvedt er 18 kilometer og skal bi firefelts veg med 110 km/t. Trafikktryggleiken på strekninga, og vidare mot Dørdal, bli betydeleg bedre ved at ny E18 i større grad bli reindyrka som ein gjennomfartsåre.

Prosjektet var anslått til å koste 12,8 milliardar kroner. Etter at Nye Veier AS har tatt over, har dei sett nærare på kostnadane for å redusere dei. No er forventa kostnad på 11,5 milliardar kroner.

 – Eg er svært nøgd når eit prosjekt bli rimelegare enn først antatt. Spesielt sidan reduksjonane kjem bilistane til gode. På denne strekninga bli det lågare bompengetakstar for både bilar og lastebilar, seier Abrahamsen.