Det går bra i Distrikts-Noreg!

Det var så det nesten var vanskelig å ta helgas kommentar frå redaktør Ove Mellingen i TA på alvor laurdag 26.januar 2019.  Eg sette nesten kaffien i halsen, eg har aldri sett maken til svartmåling av distrikt-Norge nokon gong, og eg kan som representant for eit av regjeringspartia ikkje la vere å ta til motmæle.  

For det var da ikkje grenser for kva redaktøren blanda inn i sitt svartmålte innlegg: skulenedleggingar, kommunesamanslåingar, regionreformen, politireformen, naturressursene, ja til og med unionsoppløysinga fekk spalteplass.

Verkelegheita er at det går godt i distrikta, arbeidsløysa er rekordlåg. I  Vinje kommune var arbeidsløysa november 2018 den lågaste i Telemark med 0,9 % , det blir skapt  nye arbeidsplassar og bedriftene melder om optimisme og tru på framtida.  Dette står i sterk kontrast til det bilete som redaktøren målar i avisa si.  Det går faktisk slik i heile landet. Veksten går opp, arbeidsløysa går ned og det skapast fleire arbeidsplassar enn tidligare. Eksporten frå Telemark har auka kraftig sidan 2016. Det er faktisk økonomisk vekst og arbeidsplassar som er føresetnaden for levedyktige lokalsamfunn.

Ein skal forstå den tida ein lever og foreslå løysingar som folk har tru på, sa Trygve Bratteli.  Me lever i ei tid der me på grunn av digitaliseringa  må omstille oss for å kunne bevare velferdssamfunnet. Me må rett og slett bruke ressursane våre på ein meir berekraftig måte.  Det betyr strukturendringar  som for eksempel at kommunar slår seg saman for betre å kunne gi innbyggarane gode tenestetilbod, eller at me slår saman fleire fylke for å gi sterkare regioner som kan få tilført fleire oppgåver frå staten og bli ein  sterkare regional utviklingsaktør.

Eg blir rett og slett lei meg av å lese redaktørens omtale av distrikta og på omtalen av oss folkevalde;  «Sakte men, ubønnhørlig, holder sentrale rikspolitikere, regjeringsapparat, direktorater og andre på å demontere distrikts-Norge. Summen av alle tiltak og endringer, er at de skritt for skritt fjerner muligheten til å bo, leve og trives utenfor de store byene, utenfor de store regionale senterene, utenfor de urbane strøk.»

Eg er ein av dei som gjer akkurat dette, som bur i ei lita bygd,som har tru på levedyktige lokalsamfunn, som har trua på lokaldemokratiet og som ikkje opplever verklegheita slik som redaktøren beskriv den. Eg opplever at unge folk ønskjer å busetja seg i distrikta. Eitt av dei mest søkte orda på Finn.no sist år var f.eks småbruk. Eg opplever at yngre folk flytter heim fordi dei mellom anna  i større grad skape sin eigen arbeidsplass heimanfrå på grunn av digitalisering og gode kommunikasjonar. Og da er det viktig at me har ein heiagjeng som seier velkommen til oss!

Saman skal me bygge, ikkje demontere distrikta!  Er me dumme som vel å bu og leve våre liv i distrikta, som fordi vi med god breibåndutbygging, gode kolletivløysingar og vegar kan arbeide heimanfrå eller pendle til nabokommunane?

Redaktørens overskrift og innlegg innbyr ikkje til å framsnakke distrikta, tvert om det er ein stor advarsel til alle som kunne tenkt seg å flytte til og etablere arbeidsplassar i distrikts-Norge om å snu. Her er det nemlig ikkje liv laga!

Norge er kåra til verdas beste land å bu i , det gjeld også  Distrikts-Norge, det trur eg fleirtallet allereie skjønar! Personleg tykkjer eg at Telemark og Flatdal er verdas beste stad å bu.

Ha ein fin dag i heile Telemark!