Frivilligsentralene – ei suksesshistorie vi skal ta vare på

200 millionar kroner går til frivilligsentralar  i 2020.

Friviljug arbeid er veldig viktig for både kommunar og innbyggarar over heile landet. No må vil alle syte for å bidra til at suksesshistoria med frivilligsentralar kan halde fram også i åra som kjem.

I år feirar vi at det er 30 år sidan dåverande sosialminister frå Høgre, Wenche Frogn Sellæg inspirerte kommunane til å starte opp det som vart heitande frivillig sentralar som er lokalt forankra møteplassar, open for alle som har lyst til å delta innan friviljug arbeid.

Første løyving fekk sentralane over statsbudsjettet året etter at framlegget vart lansert. Det vart startskotet for suksesshistoria, og i dag har vi 468 slike sentralar over heile Noreg. 

Friviljug arbeid har lenge vore ei av Høgre sine hjartesaker. Arbeidet  er basert på lokalt engasjement og er basert på eldsjeler som gjev av si fritid og ønsker å bidra. 

Høgre i regjering har gjeve kommunane høve til å gjennomføre vår politikk på ein slik måte at ein får utvikla dette på lokal kunnskap og kompetanse. Løyvingane har auka også i år, om lag 200 millionar kroner går til frivilligsentralar  i 2020.

Det vart tidlegare varsla at tilskotet frå neste år skulle fordelast etter innbyggartal i kommunane i staden for mengde frivilligsentralar. Regjeringa har i staden valt å vidareføre dagens ordning i 2021, slik at midlane framleis blir fordelte etter tal frivilligsentralar. Det betyr at regjeringa har gjeve kommunane eitt ekstra år til å sikre ei berekraftig finansiering av sentralane. 

Det blir no opp til lokale folkevalde å sjå den verdien det friviljuge arbeidet skapar gjennom dette arbeidet, og den viktige møteplassen sentralane er for veldig mange. No som regjeringa aukar løyvingane, vonar vi at kommunane følgjer opp og tek sjansen på å satse.