Regjeringa løyver 11,2 mill. til Dyrsku`n

Eg er veldig godt nøgd med at regjeringa løyver 11,2 mill. i kompensasjon til Dyrsku`n, seier Sundbø Abrahamsen.

Dyrsku'n er Noregs største handels- og landbruksmesse og samstundes ein viktig møteplass i bygde-Noreg. Dyrsku'n har vore arrangert på Dyrsku-plassen i Seljord kvart år gjennom 154 år. 

-Eg er født og oppvaksen med Dyrsku’n og veit kva det betyr for landbruket, kultur- og næringslivet og frivillige organisasjonar, seier stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen.

Det møter om lag 90 000 på Dyrsku'n gjennom tre dagar. I løpet av desse dagane blir det omsett varer for meir enn 500 millionar kroner frå meir enn 800 utstillarar.

Når Dyrsku'n i år må avlyse, vil tapet i omsetnad for Dyrsku'n vere på om lag 70 mill. kroner og setje selskapet i ein svært krevjande økonomisk situasjon.

  Eg er veldig godt nøgd med at regjeringa løyver 11,2 mill. i kompensasjon til Dyrsku`n, seier Sundbø Abrahamsen.

Det er vemodig at for fyrste gong sidan 1866 er Dyrskun’n avlyst. 

  Eg vil takke Høgres landbruksnettverk for godt samarbeid for å  formidle den situasjon Dyrsku’n kom i til vårt regjeringsgsapparat, seier stortingsrepresentanten frå Seljord.