Samferdsel – Binder saman bu- og arbeidsregionnar

Samferdsel vil bli ståande som eit av dei områda Høgre regjeringa virkelig har levert på sidan 2013.

Stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen – Innlegg på Landsmøtet

Det er mange synlege bevis på den store anleggsaktiviteten landet rundt og samferdselbudsjetta som nærast er dobla sidan 2013.
Ved å styrke nasjonale transportkorridorar bidreg ein til å redusere næringslivets transportkostander, og ein knyt by og land tettare saman. Transportsystemet skal legge til rette for god mobilitet for innbyggarane og næringsliv og gje moglegheiter for trivsel og verdiskaping.

Bu– og arbeidsmarkedsregionar er regionar med felles marked for arbeidskraft og arbeidsplassar der innbyggarane ikkje treng å flytte eller bruke vesentlig tid på å reise.

I arbeidet med NTP 2022-2033 har mange innspel gått på at Staten må ta eit større ansvar for fylkesvegane som har eit enormt vedlikehaldsetterslep, og vi kan vel alle være eining i at det var ei særs dårlig gåve fylkeskommunane fekk frå staten i 2010.

Det er derfor gledelig at Høgre i regjering foreslår i Nasjonal transportplan å etablere ein øyremerka tilskuddsordning for å kunne styrke arbeidet med å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

Eit velfungerande transportsystem og regjeringens satsing på fylkesvegar skal bidra til at mindre byar og tettstader kan fungere som kraftsentra for befolkning og næringsliv i sine regionar og bidra til levande lokalsamfunn.

Etter snart 8 år med Høgre i regjering er eg stolt over alt som har skjedd for å bygge Norge tettare saman både på veg ,bane og digital infrastruktur og eg er glad for at stortingsvalprogrammet legg opp til at denne satsinga må fortsette !