Høgre vil aldri gå på akkord med elevane sin fridom til å velje skule

9.-10.juni behandla fylkestinget sak om kva inntaksmodell ein skal innføre i Vestland. Saka har vore ute på høyring blant ei rekke organisasjonar og tillitsvalde. Posisjonen i Vestland røysta for nærskuleprinsippet. Høgre står fast på at vi ynskjer fritt skuleval med ei innlagt reisetidsgaranti. Vi kjem alltid til å kjempe for elevar sin valfridom og at elevane sjølv veit best kva skule ein ynskjer å gå på

Høgre markerte seg tydeleg i debatten på fylkestinget og sette først fram eit utsetjingsframlegg på bakgrunn av at saka ikkje var utgreidd i det heile teke. Når utsetjingsframlegget falt mot posisjonen sine stemmer, røysta vi saman med FrP og FNB for fritt skuleval.

Høgre meiner at fritt skuleval er det beste for elevane, økonomien til fylket og tilbodsstrukturen i vidaregåande opplæring. Vi har hatt fritt skuleval i tidlegare Sogn og Fjordane og Hordaland og det har fungert særs godt. Difor er det no grunn til å reagere når posisjonen ynskjer å tvinge fram ei ny løysing ein ikkje anar konsekvensane av. Fylkesrådmanenn la fram tilleggsinnstilling om å utsetje saka fordi det ikkje var utgreidd økonomiske konsekvensar og konsekvensane for elevane ved å velje nærskuleprinsippet. Det er urovekkande at posisjonen ikkje tok stilling til dette. I tillegg veit vi at fylkeskommunen har blodraude tal på økonomisida og ein gjeldsgrad på 115 %, noko som tilseier at posisjonen burde vere meir ansvarlege på vegne av fylkeskommunen sin økonomi.

Elevorganisasjonen er krystallklare på at dei ynskjer fritt skuleval og det er merkverdig at posisjonen ikkje lyttar til elevane. Høgre sin skulepolitikk er tufta på kvalitet i opplæringa, valfridom og ei undervisning tilpassa eleven, ikkje systemet. Desse prinsippa har vore berande også i denne saka om inntaksmodell.

-Det var provoserande å observere posisjonen som køyrde gjennom ei løysing som ikkje elevane ynskjer eller det var dekning for i budsjettet. Vi veit ikkje dei økonomiske konsekvensene ved vedtaket som no er gjort i fylkestinget, seier John André Kongsvik, fraksjonsleiar for opplæring og ungdomskandidat til fylkestinget.

-Vi set individuell fridom og retten til å velje i førarsetet, det er difor trist å sjå at Ap, Sp, MDG, SV og V ynskjer å ta desse viktige vala for elevane. Då har ein ikkje tillit til at ungdommane er godt eigna til å ta sjølvstendige val som er best for dei, understreker Lise-May Sæle, ungdomskandidat til Stortinget.

Når vi veit at éin av tre elevar ikkje fullfører videregåande, er det avgjerende å leggje opp til eit studie­løp som motiverer. Då nytter det ikkje å tre ei A4-løysing over hovudet på elevane i Vestland, sjølv om det kanskje er lettare for partia på venstresida. Høgre markerte seg godt i saka, og vi vil alltid halde fram med å kjempe for eit best mogleg vidaregåande opplæring i Vestland.