Politikk

Voss Høgre vil føre ein politikk som byggjer på lokalt folkestyre, personleg fridom og sosialt ansvar. Vi vil vere opne og lyttande til innspel frå bygdefolket.

Voss Høgre støttar spesielt aktivitetar og tiltak som gjer det meir attraktivt å busetje seg i bygda

Våre hjertesaker

BORN OG UNGE

Gode og trygge oppvekstvilkår for born og unge, og gode barnehagar og skular er viktige for eit lokalsamfunn.

Løft borna, så løfter også resten av samfunnet seg!

HELSE OG OMSORG

Voss Høgre vil ha meir fokus på kvalitet i helse- og omsorgstenestene.

Mest mogeleg av ressursane må brukast på pasientane og brukarane av tenestene

EIT TRYGT LOKALSAMFUNN

Voss skal vere eit trygt herad å bu i.

Voss Høgre vil difor arbeide for ei styrking av samarbeidet mellom Voss herad og politiet, som del av kriminalførebyggjande arbeid

NÆRING OG UTVIKLING

Vekst og næring er naudsynte faktorar dersom vi skal kunne betale for kommunale tenester som barnehagar og sjukeheimsplassar.

Difor meiner Voss Høgre at det er heilt avgjerande å gje næringslivet i heradet gode og føreseielege rammevilkår

Sjå kva vi jobbar med gjennom vårt partiprogram

Klikk deg inn på dei ulike kapitla for å lese kva vi jobbar med.  

Voss Høgre vil føre ein politikk som byggjer på lokalt folkestyre, personleg  fridom og sosialt ansvar. Vi vil vere opne og lyttande til innspel frå bygdefolket. Voss Høgre støttar spesielt aktivitetar og tiltak som gjer det meir  attraktivt å busetje seg i bygda. Det at ungdomen vel å busetje seg her, er sjølve grunnlaget for gode tenester, bumiljø og auka folketal.

Voss Høgre vil arbeide for å gjenreise prioriteringsdebatten i lokalpolitikken, fremje ansvar, og arbeide langsiktig og heilskapleg. Oppgåvene som ligg framfor oss gjer at Voss herad lyt nytte inntektene sine godt for å sikre tenester med god kvalitet. I lokalpolitikken må vi som politikarar vise ansvar og prioritere det viktigaste først:

  • Gode oppvekstvilkår for born og unge, i eit trygt lokalsamfunn
  • Kunnskap og kvalitet i skulen
  • Omsorgstenester med god kvalitet, og valfridom for dei som nyttardesse tenestene
  • Gode og føreseielege rammevilkår for næringslivet, slik at vi tryggjereksisterande arbeidsplassar og gjer det attraktivt å etablere nye
  • Betre og tryggare vegar i heradet vårt

Det skal leggjast til rette for nye bustader, næringsliv og arbeidsplassar i alle delar av heradet.

VOSS HERAD SKAL VERE EIN GOD PLASS Å BU OG ARBEIDE FOR ALLE.

Gode og trygge oppvekstvilkår for born og unge, og gode barnehagar og  skular er viktige for eit lokalsamfunn. Løft borna, så løfter også resten av samfunnet seg!

Vi treng gode bumiljø, full barnehagedekning, ein god skule og SFO med  opningstider tilpassa folk sin kvardag. Høgre vil vere ein pådrivar i å ta vare på og  vidareutvikle dette.

Voss Høgre vil leggje til rette for at barnefamiliar og andre kan etablere seg i bygda. Då er det viktig å ha eit godt barnehage- og SFO-tilbod, i tillegg til  attraktive og byggjeklare tomter og ledige husvære. Det må også arbeidast med tiltak som kan hjelpe unge familiar til å klare etableringa økonomisk.

BARNEHAGAR

Voss Høgre vil arbeide for

  • eit variert og godt barnehagetilbod, med både kommunale og private barnehagar
  • full barnehagedekning, med gode tilbod til alle born, også små born• at alle barnehagar i heradet skal ha ei trygg og god bemanning,i tråd med barnehagelova
  • betre tilhøve for born med utviklingshemmingar
  • tidleg innsats for alle som treng ekstra hjelp i opplæringsløpet. Førebygging og tidleg tilrettelegging er med på å hindre fråfall, og skapar såleis eit godt grunnlag slik at fleire fullfører vidaregåande skule
  • ei god og føreseieleg vikarordning, som kan vere med på å sikre god og forsvarleg bemanning av barnehagane i heradet
  • ein plan for nybygg og rehabilitering av barnehagar, og at bygging ogrehabilitering skjer i tråd med denne planen
  • at alle barnehagar i heradet skal vere på godkjent nivå med tanke påventilasjon, inneklima og miljøretta helsevern generelt

Ein viktig  del av kvardagen til barnefamiliar handlar om den daglege transporten til barnehage/SFO, jobb og heim att. Voss Høgre vil skape betre samanheng mellom pendling i og utanfor heradet, og kvardagen med barn. Betre tilpassa transportløysingar, opningstider og ferietilbod kan vere ein del av dette.

SKULE

Voss Høgre vil arbeide for ein kvalitetsskule for alle elevar, der elevane  tileignar seg gode faglege kunnskapar og sosial dugleik, og der dei utviklar lyst og evne til å ta utfordringar.

Voss Høgre vil arbeide for

  • ei god og fleksibel skulefritidsordning
  • to pedagogar i 1. klasse dersom der er fleire enn 18 elevar i klassen
  • betra tilhøve for born med utviklingshemmingar.
  • auka ressursar til merkantile tenester ute i skulane
  • støtte til lærarar som ynskjer kompetanseheving
  • nok rom, personale og utstyr til at skulane kan ta seg godt av elevar som treng ekstra oppfølging
  • tidleg innsats for elevar som står i fare for å droppe ut av skulen
  • naudsynt og kontinuerleg rehabilitering av forfall i skulebygg
  • auka budsjett for utstyr og læreverk i skulane, slik at undervisninga kan skje med oppdaterte læreverk, i tråd med gjeldande læreplanar
  • styrking av IKT (tilgang på dataverkty) i skulen
  • målretta og tilstrekkeleg symjeundervisning på dei lågaste klassetrinna.
    Alle elevar skal kunne symje 200 meter når dei går ut av fjerde klasse
  • at foreldre fritt skal kunne velje skule for borna sine, også utanforskulekrinsen dei er busette i, med atterhald om at det er ledig plass ieksisterande klasse på den føretrekte skulen
  • at heradet skal tilby lærlingplassar innanfor alle fagområda sine
  • at det vert sett av pengar til kompetanseheving for lærarar i skuleverket

VOSSASKULEN I FRAMTIDA

Skulebygga må ha rett storleik sett i samband med elevtal og prognosar i skulekrinsane, og dei må ha ein standard som skaper gode rammer rundt skulekvardagen til elevar og tilsette.

Voss Høgre vil arbeide for

  • at det vert laga ein plan for naudsynt opprusting og utbygging av skulebygg, og at opprusting og utbygging vert gjennomført i tråd med føringane i denne planen
  • å få skulane opp på godkjent nivå med tanke på ventilasjon, inneklima og miljøretta helsevern generelt
  • skulebygg med rett storleik ut ifrå elevtalet
  • ein skulestruktur som er tilpassa elevtal og folketalsutvikling. I sentrums-området er det trong for ein total gjennomgang av skulestrukturen, ikkje minst med tanke på kapasitet og behov for nybygg
  • sal av skulebygg som ikkje lenger vert nytta som skular

Her må grendalag og andre lokale samskipnadar ha forkjøpsrett, slik at dei får høve til å  oppretthalde bygga som lokale samlingsstader eller nytte dei til skuledrift i privat regi, dersom dei ynskjer dette

Voss Høgre ynskjer mangfald, og vil difor stø opp om etablering av friskule i Voss herad.

EIN GOD KVARDAG FOR ALLE BORN

 

Born og unge skal oppleve at dei har ein trygg og god kvardag.

Difor vil Voss Høgre prioritere

  • auka ressursar til barnevernet, for å sikre rettane til nokre av deisvakaste i samfunnet
  • sterkt fokus på arbeid mot mobbing. Voss herad skal ha nulltoleransenår det gjeld mobbing
  • rusførebyggjande arbeid
  • samling av kompetanse og tenester retta mot born og familiar i «familien sitt hus»

Voss Høgre vil ha meir fokus på kvalitet i helse- og omsorgstenestene. Mest mogeleg av ressursane må brukast på pasientane og brukarane av tenestene. Ulike menneske har ulike syn på kva som gjer ei teneste god, og difor er det viktig å lytte til brukarane og deira pårørande når tenestene vert u tforma. Brukarane bør dessutan ha høve til å velje mellom ulike tenester og tenestetilbydarar. Heradet må vere ope for samarbeid med private aktørar og organisasjonar i tilfelle der dette kan vere med på å gje brukarane eit betre tilbod. Det må vere lett tilgjenge til god informasjon om kva tilbod og tenester  heradet kan gje.

Det er viktig at tidlegare Granvin herad ikkje vert sitjande att som ein tapande del av Voss herad etter kommunesamanslåinga. Høgre meiner at legekontoret i Granvin må oppretthaldast med bemanning tre dagar i veka, og at det framleis skal vere helsesjukepleiar i Granvin.Voss Høgre vil kjempe hardt imot eventuelle reduksjonar av tenestetilbodet ved lokalsjukehuset i heradet.

 
PLEIE- OG OMSORGSTENESTER

Det er viktig at heradet har nok heildøgns pleie- og omsorgsplassar.  Samstundes må vi vere opne for utvikling av andre løysingar og arbeide førebyggjande, slik at fleire kan få høve til å bu i eigen bustad så lenge som mogleg, dersom dei ynskjer det.

Voss Høgre vil arbeide for

  • utbygging og bemanning, slik at heradet får dekka behovet forheildøgns omsorgsplassar • styrking av heimetenestene
  • ei strukturendring innan eldreomsorga, med tilbod som er betre tilpassaden einskilde sine behov
  • meir bruk av lokalprodusert mat ved kommunale institusjonar
  • meir personale innanfor helse- og omsorgstenestene. Dette gjeld oginnanfor førebyggjande arbeid, som til dømes helsesjukepleiartenesta
  • vaktmesterteneste til heimebuande som er brukarar av heimesjukepleieeller heimehjelp
  • valfridom for brukarane. Det må vere høve til å velje privatetenestetilbydarar dersom ein ynskjer det, og heradet må ta omsyn tilbrukarane sine eigne ynskje når det gjeld om dei vil ta imot tenester iheimen, i omsorgsbustad eller ved institusjon
  • drift av dagavdeling/eldrekafe og møteplassar for eldre, med tilrettelagt transport
  • etablering av eit kommunalt sentralkjøkken, med tilhøyrandesatellittkjøkken ute i heradet sine institusjonar
  • mindre vikarbruk, fleire fast tilsette og større stillingsheimlar for dei som ynskjer det. Heradet må få på plass ei god og føreseieleg vikarordning innan helse og omsorg.
  • utradisjonelle turnusar der dette er positivt for brukarane av tenestene og ynskt av dei tilsette
  • enkeltrom ved sjukeheimane for dei som ynskjer det
  • gjennomføring av eit forprosjekt med tanke på etablering av eindemenslandsby på Voss
  • at det tidlegare rehabiliteringssenteret på Hagahaugen først og fremst skal nyttast til helse- omsorgstenester
  • at institusjonar i heradet skal ha utleigehyblar der pårørande tilbebuarar ved institusjonen kan bu i kortare eller lengre tid. Dette kan gjere det enklare for pårørande å besøke og halde kontakt med familie og vener ved institusjonen
  • at det vert lagt til rette for etablering av audiologteneste i Voss herad
  • etablering av omsorg pluss-tenester i heradet, med tilrettelegging for gode tenestetilbod som til dømes frisør og fotpleiar i tilknyting til institusjonar

PSYKISK HELSE

Det er samanheng mellom fysisk og psykisk helse, og begge deler er like  viktige for opplevinga av å ha ein god kvardag.

Voss Høgre vil arbeide for

  • ei vidareføring og styrking av Oasen
  • betre oppfølging av personar med psykososiale vanskar
  • ei god skulehelseteneste

EIT AKTIVT OG MEINIGSFULLT LIV FOR ALLE

 

Voss Høgre vil arbeide for:

  • individuelle tiltak som kan gje folk ein betre kvardag, som til dømestilrettelagt arbeid og bruken av BPA (brukarstyrt personleg assistanse)
  • ei vidareføring av ordninga med eigen støttekontakt-koordinator forheradet
  • at støttekontaktordninga først og fremst skal vere ei 1:1-ordning. Gruppe-baserte løysingar skal berre nyttast der dette er til det beste for brukarane
  • gratis tilgang på hjelpemidlar av god kvalitet til alle som treng det
  • å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom omsorgstenestene og lag og organisasjonar i heradet.
  • auka bruk av praktiske rådgjevarar ved bustadar for vanskelegstilte
  • at Voss herad skal følgje retningsliner og reglar for universell utforming på alle område, med tanke på at flest mogleg skal ha høve til å delta aktivt i samfunnslivet
  • framleis fokus på at Voss sentrum skal ha eit oppdatert tilgjengekart
  • teleslynger eller andre tekniske løysingar som kan gjere alle møterom ikommunale bygg tilgjengelege for personar med nedsett høyrsle
  • at minst 5 % av nytilsettingar i Voss herad skal vera av personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne
  • ein god og heilskapleg plan for heradet sitt LHBTIQ-arbeid, det vil seie eit systematisk arbeid for at alle skal kunne vere seg sjølv, uansett seksuelllegning, seksuell orientering, kjønnsuttrykk eller kjønnsidentitet, utan å måtte frykte hatefulle ytringar og angrep, mobbing og trakassering

Samfunnet treng kunnskapen og erfaringane til dei eldre innbyggjarane, og dei yngre treng støtta dei kan få frå dei eldre. Det er viktig at heradet legg til rette for ein moderne seniorpolitikk, der mest mogleg vert lagt til rette for at eldre kan halde fram med å delta i samfunnslivet, og der dei eldre har høve til å bestemme mest mogleg sjølve når det gjeld korleis dei ynskjer å organisere eigen kvardag.

Voss Høgre vil arbeide for

  • etablering av arenaer der ein kan møtast på tvers av generasjonane
  • fokus på førebygging for friske eldre
  • størst mogleg valfridom for eldre som treng hjelp i kvardagen
  • at heradet til ei kvar tid skal ha ein oppdatert seniorguide, som gjev  oversiktleg informasjon om kva hjelp heradet kan gje, og korleis ein kan skaffe seg denne hjelpa
  • god internett-tilgang for bebuarane ved alle sjukeheimar og omsorgs-bustader
  • at heradet skal ha tilgang på moderne seniorbustader med kort veg til alle naudsynte og praktiske tenester
  • at heradet skal anerkjenne at eldre arbeidstakarar har verdifull kompetanse og er ein viktig ressurs
  • digital kompetanse blant pensjonistar
  • etablering av bufellesskap for seniorar, der bebuarane sjølv kan velje om dei vil kjøpe tenester eller utføre dei sjølve, til dømes vask av husvære og klede, innkjøp og matlaging. I tillegg må bufellesskapet leggje til rette for sosialt fellesskap.

Voss er ei framifrå idretts- og kulturbygd som i stor grad er tufta på at frivillige i alle aldersgrupper engasjerer seg. Heradet må stø aktivt opp om den gode innsatsen som vert gjort, og  delta i arbeide med å vidareutvikle tilboda innanfor idrett, kultur og fritidsaktivitetar.

Voss Høgre vil

  • stø opp om lagslivet
  • arbeide for meir synleggjering av, og auka fokus på, kulturminne og museum • vere ein pådrivar for gjennomføring av naudsynte rehabiliterings- og vedlikehaldsarbeid på eksisterande idrettsanlegg
  • ha ein gjennomgang av korleis kommunale kroner øyremerka kultur ogidrett vert nytta, med fokus på endring slik at meir pengar kan bli gjevnesom direkte årlege tilskot til lag og organisasjonar, framfor å bli forvalta fråsak til sak
  • støtte ordninga med fyrtårnmidlar til kultur og idrett, då desse utløysermatching frå stat og fylkeskommune
  • arbeide for etablering av eit idrettsmuseum i Voss herad
  • vere positiv til etablering av skøyteanlegg i heradet
  • arbeide for ei oppgradering av sentralidrettsanlegget
  • at Voss kulturskule skal ha tilbod om gratis plassar til elevar som kjem fråfamiliar med låg inntekt
  • at kulturskulen sine betalingssatsar skal inkludere betalingsmoderasjonfor sysken
  • at kulturskulen sitt tilbod skal vere tilgjengeleg i fleire delar av heradet ennberre i sentrumsområdet
  • ta vare på friområde til leik og andre aktivitetar i bustadområde
  • arbeide for etablering av kulturvandringar, både på Vangen og i andre delarav heradet, der lokalhistoria vert synleg i form av tekst og bilete • leggje til rette for at fleire kan nytte Vossabadet aktivt til trening og rehabilitering

Voss skal vere eit trygt herad å bu i.

 

Voss Høgre vil difor arbeide for

  • ei styrking av samarbeidet mellom Voss herad og politiet, som del avkriminalførebyggjande arbeid
  • meir fokus på haldningsskapande arbeid. Det er viktig at vi someinskildmenneske tek vare på kvarandre
  • at det vert bygd ny hovudbrannstasjon for heradet snarast råd, lokalisert slik brannvesenet tilrår
  • oppgradering av Vinje brannstasjon, med tanke på talet på bueiningar i Myrkdalen
  • at brannvesenet til ei kvar tid har naudsynt materiell til brann og redning

Vekst og næring er naudsynte faktorar dersom vi skal kunne betale for  kommunale tenester som barnehagar og sjukeheimsplassar. Difor meiner Voss Høgre at det er heilt avgjerande å gje næringslivet i heradet gode og  føreseielege rammevilkår. Eit høgt avgifts- og skattenivå kan føre til at bedrifter vel å etablere seg andre stader, der dei får betre vilkår enn på Voss. Heradet må difor arbeide aktivt for å vere konkurransedyktig i kampen om bedrifter og arbeidstakarar.

ARBEIDSPLASSAR OG FOLKETALSVEKST

 

Voss Høgre vil ha ei målretta og effektiv satsing for å få fleire til å etablere seg i heradet vår. Arbeid og bustad er viktige stikkord på dette området, og heile heradet må takast i bruk

Voss Høgre vil arbeide for

  • tilrettelegging for etablering av nye arbeidsplassar, slik at fleire får høve til åbu og arbeide på Voss
  • tilrettelegging for at det skal kunne etablerast nytt næringsareal i fleiredelar av heradet
  • tiltak for berekraftig maritim turisme basert på tilrettelegging av gjestehamn med naudsynte fasilitetar ved tidlegare jernbanekai, dagenssmåbåtkai i Granvin
  • gode og føreseielege rammevilkår for bedrifter og næringsverksemder, slikat vi får behalde dei arbeidsplassane vi allereie har her i heradet
  • fleire statlege arbeidsplassar til Voss
  • at heradet har fokus på å ha gode rammeavtaler med lokale leverandørarav varer og tenester til institusjonar, skular, barnehagar og andrekommunale tenesteområde
  • ei øyremerking av ein del av bustadene i nye felt til ungdom og førstegongs-etablerarar
  • eit eige prosjekt for marknadsføring av Voss som bustadherad
  • tilrettelegging for bygging av rimelege bustader og utleigebustader • størst mogleg fleksibilitet i tomtestrukturen slik at folk får bygge den hustypen dei ynskjer
  • ei heilskapleg regulering og utbygging av Bømoen, som tek vare på nettverket av løyper og stiar, flyplassdrift og verna bygningar, samstundesmed at området sitt potensiale for næring og bustader vert realisert.
  • redusert arbeidsgivaravgift i heile heradet, i samsvar med Granvin sin satsfør kommunesamanslåinga

Voss Høgre ynskjer å leggje til rette for spreidd busetnad, så lenge dette ikkje går ut over dyrka mark.

Voss Høgre vil at tomter i nye kommunale bustadfelt skal seljast spesifikt for bygging av heilårsbustader. Vi går mot innføring av nullkonsesjon. Buplikt er ikkje vegen å gå dersom ein ønskjer å ta vare på kulturlandskapet og få auka tilflytting til heradet.

 

NÆRINGSLIV

Voss Høgre ønskjer å leggje til rette for verdiskaping og utvikling. Verdiane må bli skapte før dei kan bli nytta. Arbeidsplassar og næringsliv dannar grunnlaget for økonomi til å kunne utvikle bygda vidare og levere gode offentlege tenester. Næringslivsaktørane på Voss og Voss herad er gjensidig avhengige av kvarandre for å kunne levere eit godt og mangfaldig tilbod til innbyggjarar og tilreisande.

Voss må bli eit ja-herad, og vere ein medspelar for næringslivet. Heradet må prioritere rettleiing til alle som vil utvikle noverande eller etablere nye  verksemder på Voss høgt, og ledig næringsareal må bli marknadsført aktivt.

Voss Høgre meiner det er viktig å støtte opp om tiltak som er med på å

  • oppretthalde eit levande jordbruk
  • bevare kulturlandskapet og hindre attgroing
  • hindre nedbygging av dyrka mark
  • leggje til rette for meir eige og mindre leige av jordbruksareal
  • leggje til rette for at det skal vere tilgjengeleg næringsareal i alle delar avheradet
  • skape nye arbeidsplassar i det private næringslivet i heradet
  • marknadsføre Voss som eit attraktivt herad for nye bedrifter og gründerar • halde bompengesatsane i regionen vår på eit nivå som er til å leve med fordet lokale næringslivet
  • sikre vidare drift av lokale arbeidsplassar, som til dømes meieriet • skape faste møteplassar for næringslivet, næringspolitisk leiing og politiskleiing i heradet
  • leggje til rette for vidare utvikling av reiselivet
  • styrke næringslivet generelt

 

AREALPLANLEGGING

Det er viktig at det blir utarbeidd heilskaplege planar for større område der ny aktivitet vert vurdert, og at grunneigarar vert involvert tidleg i planleggingsprosessar.

Voss Høgre vil arbeide for

  • gode og opne planleggingsprosessar i samband med nye prosjekt ogutbyggingar
  • respekt for eigedomsretten
  • at naboar og grunneigarar skal bli høyrde i samband med større utbyggingar • at eventuelle avvik frå vedtekne reguleringsplanar blir følgde tett oppav heradet

UTVIKLING AV SENTRUMSOMRÅDET

 

Voss Høgre vil utvikle Voss vidare som regionsenter og handelsstad. Vilkåra må leggjast til rette for at Vossevangen kan halde fram med å vere eit triveleg og attraktivt område, og ein god stad å arbeide og bu.

Voss Høgre vil arbeide for

  • eit levande sentrum
  • at ein i vidareutviklinga av sentrum skal ta særleg omsyn til særpreget iVangsområdet, og leggje vekt på at gatemiljøet skal vere trygt ogfunksjonelt for alle
  • meir konkurransedyktige vilkår for handelsnæringa i sentrum, med eitparkeringssystem som gjer det attraktivt og enkelt for tilreisande å stogge der
  • bevaring av Prestegardsmoen som eit bilfritt rekreasjonsområde for alle
  • trygge og gode trafikktilhøve på Vangen, der mange ulike trafikkantar delar eit avgrensa trafikkrom

UTVIKLING AV HEILE HERADET

Dei fleste innbyggjarane i Voss herad bur utanfor sentrumsområdet. Dette må vi ta omsyn til når vi planlegg Voss herad for framtida. Sentrum må vere tilgjengeleg for innbyggjarar og tilreisande med bil, og det må leggjast særleg til rette for vidareutvikling av dei tradisjonelle nærsentra i heradet.

Voss Høgre vil arbeide for

  • utvikling av bustadfelt og nye arbeidsplassar i tilknyting til heradet sine nærsenter
  • etablering av grendatun med omsorgsbustader, barnehage, næringslokale og lokale som kan høve både som samlingsstad for lag og organisasjonar, som utleigelokale og som samlingsstad for tradisjonelle arrangement. Ved å samle fleire ulike funksjonar i eitt tun, der driftskostnadane kan fordelast på fleire ulike offentlege og private einingar, vil ein kunne oppretthaldetenestetilbod som det elles ikkje ville vere økonomisk grunnlag for, i fleire delar av heradet

Voss er eit knutepunkt for reisande, og eit regionsenter for dei indre stroka av Hordaland. Trafikken er aukande, noko som gjev store utfordringar for både vegnett og tryggleik. Vi treng betre og tryggare vegar, slik at talet på tragiske ulukker kan bli redusert. Dårleg infrastruktur kan dessutan verke som eit  hinder for næringslivet, til dømes når tømmertransport, mjølkebil og turistbussar ikkje greier å ta seg fram. Samstundes er det trong for auka satsing på kollektivtransporten.

Voss Høgre vil arbeide for

  • trygging av skulevegar og opprusting av vegar der mjølkebil,tømmertransport og andre næringsaktørar har problem med å kome fram
  • fleire gang– og sykkelvegar
  • tydeleg merking av gangfelt
  • god snørydding på fortau så vel som på vegar, slik at vi alle kan kome trygt fram også vinterstid

    Samstundes skal Voss Høgre vere ein aktiv pådrivar for

  • K5-alternativet for ny veg og jernbane mellom Voss og Bergen
  • gode kollektivtilbod
  • betre standard på Fv7 frå Granvin til Øystese.
  • tryggare vintervegar, med tydeleg skilting av endra brøytestandard, ogkjettingplassar for tyngre køyretøy der det er trong for dette
  • to timars amnesti mellom bompengepasseringar for reisande gjennom Voss
  • at det blir laga kommunalt godkjente løyper for snøscooterkøyring. Det er viktig at køyringa vert regulert og løypene lagt slik at dette vert ei ordning som passar alle brukarar av naturen

Vossabygda er i stor grad avhengig av ansvarleg forvalting av nærmiljøet og naturen kring oss. Dette er eit arbeid alle må ta del i. Samstundes meiner vi at det er mogleg å nytte naturen til både rekreasjon og næring, på ein måte som samstundes tek vare på lokalsamfunnet og miljøet.

 

Ein av dei viktigaste ressursane vi har, er reint drikkevatn. Voss Høgre vil alltid prioritere å ta vare på drikkevasskjeldene i heradet, og vere særs restriktiv med tanke på inngrep som kan ha negative konsekvensar for drikkevatnet.

Fjellområda i heradet er sårbare område som er viktige for dyre- og fuglelivet, rekreasjon og reiseliv. Voss Høgre meiner difor at store, landbaserte vindmølleparkar vil vere feil veg å gå for heradet vårt.

Voss Høgre vil arbeide for

  • ei overgangsordning for kommunale bilar til meir miljøvenleg drivstoff
  • å verne om naturen vi har i heradet og behalde friluftslommer
  • å leggje til rette for at folk kan bruke bygda aktivt, gjennom å rydde turløyper, leggje  til rette for friluftsliv, fortsetje arbeidet med småbåthamn og ha attraktive badeplassar
  • vidareføring av miljøgata på Eide ned til kaia. Vi vil sikre ålmenta tilgang til sjøen og utvikle moglegheiter for trivsel og miljø samstundes som vi tek vare på det eineståande kulturhistoriske miljøet i området
  • etablering av årlege dugnadar for rydding av heradet, der heradet  samarbeider med lag og organisasjonar
  • støtte til organisasjonar som gjer tiltak for merking og tilrettelegging av turløyper sommar og vinter.
  • ei prøveordning der privatpersonar ein dag i veka kan levere alle former for sortert avfall ved det kommunale mottaket gratis. Føremålet med dette er å redusere dumping av bos i naturen, og dermed få frigjort ressursar som elles ville gått med til oppryddingsarbeid
  • vern av Voss, i form av flaumførebyggjande tiltak
  • betre utnytting av heradet sine kraftressursar, først og fremst i form av  oppgraderugar av eksisterande anlegg der dette er mogleg
  • at småkraftverk i sidevassdrag til Granvinsvassdraget, der verneverdiane ligg i hovudvassdraget, kan handsamast etter ordinær  konsesjonshandsaming
Voss Høgre vil støtte etablering av mindre anlegg for produksjon av fornybar energi, der det er lokal semje om dette

Voss Høgre vil at du som veljar skal få mest mogleg att for kvar skattekrone. Ansvar og fornuftig prioritering må prege den kommunale pengebruken.

Voss Høgre vil arbeide for

  • langsiktig og strategisk planlegging, slik at heradsøkonomien ikkje vert styrt frå sak til sak
  • like stort fokus på drifts- og vedlikehaldssida som på sjølve investeringa i samband med nye byggeprosjekt
  • samarbeid med private tenestetilbydarar i tilfelle der dette kan gje betre løysingar for heradet sine innbyggjarar
  • interkommunalt samarbeid på fleire område, til dømes innanfor innkjøp, IT og helse, for auka effektivitet, gjensidig nytte av kunnskapen dei ulikekommunane sit på, og frigjering av midlar
  • at sjølvkostprinsippet blir overhalde innanfor kommunale tenester som vatn/avløp og renovasjon. Heradet skal ha fokus på effektivitet også på desse områda
  • utskiljing av vatn/avløp i eige føretak, for å få meir oversiktleg drift, unngå overlapping med andre tenester og dermed unngå at sjølvkost inkluderer meir enn det skal
  • sal av bygningar som heradet ikkje lenger nyttar
  • fornuftige leigeavtaler og bygg for heradet sine tenestekontor
  • nedtrapping av eigedomsskatten

Voss herad skal vere ein positiv og god arbeidsgjevar og tenesteytar. Heradet skal vere politikarstyrt, og det må bli lagt vekt på samarbeid både med andre kommunar og med ulike aktørar i eige herad.

Voss Høgre vil arbeide for

  • meir samarbeid mellom herad, friviljuge organisasjonar og næringsliv
  • færre representantar i heradsstyret og andre politisk organ, i tråd med krava til politisk organisering av eit herad på Voss sin storleik
  • at rådmannsstillinga skal vere ei åremålsstillling
  • eit opnare herad som lyttar til innbyggjarane sine
  • oppretting av eit kommunalombod, som kan fungere som ein nøytral part i mellom anna arbeidskonfliktar og konfliktar mellom innbyggjarar ogkommunal administrasjon
Eller last ned programmet vårt i pdf-versjon her