7 grunnar til å røyste Høgre i Alver
1. Trygg og god styring
Gjennom dei siste åra har vi dessverre sett at den administrative og politiske styringa av Alver kommune ikkje har vore god nok. Ei god økonomistyring er ein viktig føresetnad for å gje gode og stabile tenester til innbyggjarane i Alver. Difor vil Høgre setje inn tiltak for å sikra ei trygg og god styring av kommunen. Vi må setje klåre politiske mål for utvikling og styring av kommunen, og gjennomføre uavhengige brukarundersøkingar for å måle kvalitet i dei ulike tenesteområda.
2. Betre tenester til dei som treng det mest
Vi vert stadig eldre, også i Alver. Det er positivt, men vil også inne bere ei endå større satsing frå kommunen si sida. Vi vil prioritere eldreomsorg og arbeide for å sikre at våre eldre innbyggjarar får den omsorga dei treng for å leva eit godt og verdig liv, blant anna ved å gi meir valfridom til brukarane.
3. Verdas beste skule
I Alver er det altfor mange born som går ut av skulen utan å kunne lese, skrive og rekne godt nok. Det vil Høgre gjere noko med. Me ynskjer tilpassa undervisning, tidleg innsats og å nytta best praksis i norsk, mattematikk og engelsk. Me treng dyktige og kvalifiserte lærarar som får den vidareutdanninga dei treng, og ei god skulehelseteneste. Eit godt og variert læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing, nytenking og trivsel er viktige faktorar for å skape lærelyst, meistring og ein trygg kvardag.
4. På lag med næringslivet
Alver kommune har i dag lang saks-handsamingstid, lite tilrettelagt næringsareal og for få møteplassar mellom kommune, politikare og næringsliv. Høgre skal arbeida målretta for at Alver skal vera ein attraktiv kommune å bu, arbeide og drive næring i. Alver må bli ein JA-kommune med fokus på å leggje til rette for fleire arbeidsplassar og etablering av nye verksemder, meir dialog med næringslivet, meir fleksible planar og kortare sakshandsamingstid.
5. Støtte kultur og frivilligheit
Kultur og frivilligheit er avgjerande for å skape eit godt samfunn. Vi vil støtte opp om kulturtilboda i kommunen vår, og arbeide for ar frivillige organisasjonar kan blomstre og utføre viktige oppgåver.
6. Trygge vegar og eit godt kollektivtilbod
Alver har for mange dårlege og utrygge vegar, og eit for svakt kollektivtilbod. Derfor vil Høgre arbeide for å rusta opp vegnettet, betra kollektivtilbodet og sikre god infrastruktur i heile kommunen. Alversund bru og ny veg på E39 mellom Klauvaneset og Vågsbotn må realiserast snarast. I tillegg må vi utbetre og vedlikehalde kommunale vegar, og ikkje minst sikre at alle born og unge har ein trygg skuleveg. I tillegg vil vi jobba for hyppigare avgangar med kollektivrutene i distrikta.
7. Nei til vindmøller i fjellheimen
Alver Høgre seier eit tydeleg nei til vindmøller i fjellheimen og me vil generelt seie nei til vindmøller i tur- og friluftsområde.
Høgre vil at Noreg skal vere eit føregangsland innan fornybar energi og det er nødvendig å sikre energi til både næring og bustader i framtida, så difor kan me vurdere vindmøller i til dømes næringsparkar.