Alver Høgre er ein garantist mot eigedomsskatt på hus og hytter!

Det er ikkje nok å lova å ikkje innføra eigedomsskatt om ein ikkje har ein plan for korleis ein kan unngå det. Å sikra ein berekraftig velferdskommune er eit viktig prosjekt for oss i Høgre.

p.p1 { margin: 0.0px 0.0px 10.0px 0.0px; font: 10.5px «Times New Roman»; color: #000000; -webkit-text-stroke: #000000 } p.p2 { margin: 0.0px 0.0px 10.0px 0.0px; font: 10.5px «Times New Roman»; color: #000000; -webkit-text-stroke: #000000; min-height: 11.0px } span.s1 { font-kerning: none }

Høgre takkar Rune Chr. Tollefsen for gode og betimelege spørsmål i Avisa Nordhordland, der bekymringa rundt eigedomsskatt på hus og hytter vert reist.

Høgre står bak intensjonsavtalen, som inneber følgjande formulering:

«det er eit mål at ingen innbyggjarar skal få høgare kommunal eigedomsskatt som følgje av ein ny kommune. Det er semje om å harmonisera skattar og avgifter. Prisnivået på kommunale tenester, gebyr og eigedomsskatt skal vera likt i heile den nye kommunen. Det inneber at den nye kommunen fjernar eigedomsskatten på hus og hytter.»

Temaet er det likevel stort engasjament rundt. I Høgre har vi vore bekymra for at investeringsgaloppen i dei ulike kommunane før samanslåing fører til ein uansvarleg økonomisk situasjon, der vegen kan bli kort for å halda oppe og innføra eigedomsskatt i Alver kommune. Det er derfor ikkje overraskande å lesa at innbyggarar er bekymra for dette.

Men i tillegg til å stå bak intensjonsavtalen, vedtok Alver Høgre allereie i september 2018, før nominasjonsmøtet, eit prinsipprogram som held fast på det vi har stilt oss bak i intensjonsavtalen: Det skal ikkje innførast eigedomsskatt på hus og hytter i Alver – og Høgre vil vera ein garantist mot dette.

Økonomien i Alver blir likevel ei utfordring, slik Høgre allereie har uttrykt bekymring for. Det er ikkje nok å lova å ikkje innføra eigedomsskatt om ein ikkje har ein plan for korleis ein kan unngå det. Å sikra ein berekraftig velferdskommune er eit viktig prosjekt for oss i Høgre. Det inneber at ein er nøydd til å prioritera og driva gode budsjettprosessar med klare krav og resultatmål. Innbyggarane fortener best mogleg tenester på raskast mogleg tid, til rett pris.

Høgre vil òg sjå på moglegheitene for å gjennomføra budsjettprosessen på ein annan måte enn i dag, med tidlegare politisk involvering. På den måten blir politikarane på eit tidlegare tidspunkt observant på dei utfordringane som ligg i budsjettet, og må ta stilling til ulike moment i budsjettet på eit tidleg tidspunkt. På denne måten sikrar vi at politikarane har meir tid til å faktisk behandla heile budsjettet enn ein har i dag.

Samtidig med dette er det særs viktig å gripa om dei store moglegheitene som ligg føre oss. Vi ønsker å rigga Alver for vekst. I Lindås og Radøy har det ikkje vore tilfredsstillande folketalsutvikling den seinare tida, medan Meland ligg hakket over. Når dei tre no blir ein er det alfa omega å finna beste praksis hos kvarandre og etablera dette som norma i nye Alvar. Vi må stå klare til å ta i mot nye næringar og innbyggarar, og må sørga for å ha areal tilgjengeleg for å sikra vekst. Vi må ivra etter å ta i bruk betre teknologi som forenklar både dialogen med kommunen og søknadsprosessar, og vi må raskt få etablert ein næringsplan for Alver kommune i samarbeid med næringsliv og innbyggarar.

Vi vil forenkla og fornya, og det er viktig at dette skal vera til det betre for innbyggarane. Tenestene Alver leverar skal ikkje reduserast i kvalitet sjølv om vi ønsker å jobba meir effektivt. Vi har flinke lærarar, sjukepleiarar, legar, administrasjon og helsesjukepleiarar som gjer ein god jobb kvar dag, og som vi må stø opp under. Og kvar gong du henvender deg kommunen, skal du bli tatt i mot med eit stort ønske om å hjelpa deg med det du treng.

Høgre stilte seg bak intensjonsavtalen då den vart vedtatt. Det gjer vi framleis. Formuleringa i intensjonsavtalen er likevel ikkje ein garanti mot eigedomsskatt dersom den økonomiske politikken ikkje er ansvarleg.

Høgre vil vera ein garantist mot eigedomsskatt på hus og hytter. Fordi vi er opptatt av å sikra Alver som ein berekraftig veldferdskommune.