Alver Høgres valprogram er klart

Laurdag 30. mars vedtok Alver Høgre valprogrammet vårt for perioden 2019 – 2023. Vi har mykje vi ønsker å gjera i Alver!

Alver Høgre har mykje vi ønsker å gjera for å skapa ein god kommune. I over eit år har vi arbeidd med å utarbeida eit program. Vi har invitert innbyggarar til opne folkemøte, tatt i mot innspill via sosiale medium og har fått mange gode innspill på vegen.

Dette har resultert i eit godt program med mykje god politikk for den nye kommunen vår.

— Snart er Alver kommune ein realitet. Alver Høgre har som mål at den nye kommunen skal vere blant dei beste i Vestland fylke på livskvalitet for innbyggjarane og den mest attraktive for næringsverksemd. Alver Høgre og våre dyktige kommunestyrekandidatar har store ambisjonar for Alver, sier ordførarkandidat Nils Marton Aadland.

Programmet kan du allereie no lasta ned frå denne artikkelen, i tillegg til at nettsidene snart vil oppdaterast med meir informasjon. Det vil òg lagast ein kortversjon av programmet med dei viktigaste sakene våre meir utheva.
Følg også gjerne med på våre facebook-sider for oppdateringar framover!