Alvers første budsjett: Ei satsing på barn og unge!
Samarbeidspartia Høgre, Krf, AP og SP har lagt frem Alver sitt aller første budsjett. Det er ei satsing på barn og unge, og tilretteleggjar for det lokale næringslivet.
Det politiske budsjettarbeidet har vore kort, men krevande. Rådmannen sitt framlegg blei presentert 28. november, og formannskapet hadde sitt budsjettmøte 5. desember. 19. desember blei budsjettet vedtatt i kommunestyret.
Trass i svært knapp tid, har samarbeidspartia gjort viktige endringar i budsjettet som viser ein klar retning. Vi er ulike parti, men vi har saman store ambisjonar for Alver, og gjennom dette budsjettet viser vi det på ein god og tdeleg måte.
Alver Høgre gjekk til val på:
· Satsing på kvalitet og innhald i barnehagar og skule
Difor har vi reversert rådmannen sine kutt i normtall til ordinær undervisning i skulen, og dermed styrka innhaldet i skulen i forhold til rådmannen sitt budsjett.
Vi har også sikra midlar til likebehandling av private barnehagar.
I tillegg har vi i verbalpunkta bede rådmannen utgreie fleire spørsmål knytt til barnehagesektoren. Desse kjem vi tilbake til i revidert budsjett våren 2020.
· Vi sa at vi skulle avvikle eigedomsskatten på bustad og fritidsbustad
Dette blir gjennomført i vårt felles budsjettframlegg. Dermed vil innbyggjarar i Meland og Radøy som fram til i år har betalt eigedomsskatt oppleve eit reelt skattekutt neste år.
· Vi gjekk til val på at Alver skal vere ein attraktiv næringskommune
Difor har vi lagt inn 5 mill. kr til næringsfond – noko som er svært viktig ikkje minst for gründarar/nye bedrifter.
I tillegg blir det arbeidd konkret for å sikre eit godt samarbeid med næringslivet for å utvikle Alver som ein endå meir attraktiv næringskommune.
· Alver Høgre sa i vårt program at vi skulle prioritere investeringar i nye skular
Samarbeidspartia framskunder no oppstart av byggearbeida for ny ungdomsskule på Frekhaug til 2023 (denne var som kjent ikkje inne i denne økonomiplanperioden) og ny skule på Eikanger.
I tillegg startar vi prosessen med å etablere Osterhallen, men til ein lågare kostnad enn det som ligg inne i dagens kalkylar.
Vi er veldig glad for at vi saman med dei andre samarbeidspartia legg fram eit budsjett som er økonomisk ansvarleg, og som samtidig viser ei tydeleg og positiv retning for Alver kommune.
Vi prioriterer i dette budsjettet som sagt barn og unge ved å styrkje innhaldet i barnehagar og skular i forhold til rådmannen sitt forslag, vi avvikler eigedomsskatten på bustad og fritidsbustad, vi framskunder oppstart av byggearbeida på ny ungdomsskule på Frekhaug og ny Eikanger skule og vi set av 5 mill. kroner til næringsutvikling.
Nils Marton Aadland
Gruppeleiar
Alver Høgre
PS! Du kan lese samarbeidspartia sitt budsjettvedtak under: