Byrådet i Bergen sender heile rekninga til Nordhordland

— Det er spesielt at byrådet i Bergen fjernar bomstasjonane rundt Åsane for å sende heile rekninga til trafikantar i Nordhordland. Dersom bomstasjonane i Åsane skal erstattast med ein ny bom ved Nordhordlandsbrua må det innebere at dei planlagde bomstasjonane i nye Alver kommune fell bort, og at innkrevjinga av bompengar ved Nordhordlandsbrua også inkluderer prosjekta Nordhordlandspakken.

Det seier Nils Marton Aadland, ordførarkandidat for Alver Høgre etter at det i dag blei kjent at byrådet i Bergen vil fjerne bomstasjonane rundt Åsane senter og plassere desse ved Nordhordlandsbrua. I følgje media har Bergen kommune blitt einig med Hordaland fylkeskommune om dette.

Nils Marton Aadland peikar på følgjande:

· Eg har forståing for at byrådet endrar bompengeinnkrevjinga i Åsane, men det er mildt sagt provoserande at dei ved å flytte bommen til landsida på Nordhordlandsbrua sender heile rekninga til trafikantar frå Nordhordland. Etter det eg kjenner til har dette ikkje blitt drøfta med kommunane i Nordhordland Det er spesielt underleg at heller ikkje Hordaland fylkeskommune har gått i dialog med kommunane i Nordhordland om dette.

· Det er planlagt 5 nye bomstasjonar i nye Alver kommune i samband med Nordhordlandspakken. Mellom anna skal det etter planen setjast opp ein bom på Flatøy, få hundre meter frå det som blir den nye bomstasjonen på Bergen sida av Nordhordlandsbrua. Den nye bomstasjonen ved Nordhordlandsbrua må også finansiere prosjekta i Nordhordlandspakken. Det inneber at dei fem planlagde bomstasjonane i nye Alver fell bort. Det må utarbeidast ein fordelingsnøkkel som gjer dette mogleg.

· Argumenta som byrådet i Bergen no nyttar om intern transport i Åsane er også gyldige i nye Alver kommune. Mellom anna vil dei aller fleste som skal besøkje kommune- og handelssenteret Knarvik måtte betale bompengar i dersom dei planlagde bomstasjonane blir realisert.

· Alver Høgre har også tidlegare vore tydeleg på at bompengeinnkrevjinga i Bergensområdet må sjåast under eitt. Dagens vedtak i byrådet understrekar trongen for det. Bergen og kommunane rundt er ein felles bu- og arbeidsregion. Då kan ikkje Bergen einsidig endra bompengebetalinga for å komma inn til eller gjennom byen.

Aadland opplyser vidare at han har hatt god dialog med byrådsleiarkandidat Harald Viktor Hove (H) om dette.

Kontaktperson:
Nils Marton Aadland
Tlf: 92271050