Høgre vil løfta gutane i skulen

Det uroar meg at mange gutar heng etter i skulen. Gutane oppnår lågare karakterar og fell frå i større grad enn jentene. Dette er noko vi som skuleeigar vil ta på alvor og følgja opp med målretta tiltak, seier Nils Marton Aadland i Alver Høgre.

Nyleg fekk kunnskapsminister Jan Tore Sanner overlevert ein rapport frå Stoltenbergutvalet om kjønnsforskjellar i skulen. Rapporten stadfestar nok ein gong at det er tydelege forskjellar mellom kjønna på alle nivå i utdanningssystemet.

– Vi har hatt kjønnsforskjellar i norsk skule sidan 1914, men konsekvensane av å henge etter blir større i framtida. Det er ikkje eit problem at jentene gjer det bra, men skulen må bli betre til å løfta gutane. Løysinga er definitivt ikkje å hindra at jenter gjer det betre, eller å nedprioritera det faglige innhaldet i skulen, men å finna tiltak for å løfta gutane, seier Aadland

I Stolterbergutvalet sin rapport er det ei rekkje forslag til tiltak for å løfta gutane. Det viktigaste vi kan gi elevane våre er ein god lærar og aldri redusera forventningane til kva kvar og ein av dei kan utretta. – Eg meiner det ikkje finst ein enkel løysning på dette, vi må ha fleire tankar i hovudet samtidig når vi skal utforma framtidas skule. Skulepolitikken vår og tiltaka vi set i verk må vera kunnskapsbaserte og bør hjelpa alle elevar som ikkje meistrar skulen, påpeikar Aadland

Han viser til at fleire kommunar har lukkast med å ta i bruk digitale hjelpemidlar og spelteknologi for å variera undervisninga. Difor meiner Høgre at Alver kommune må være framoverlent og testa nye digitale løysingar som kan løfta og motivera fleire elever. Det ligg mange muligheiter i teknologien som vi enno ikkje har klart å utnytta godt nok i klasseromma våre, seier Nils Marton Aadland.