Ein god og verdig eldreomsorg
Betre tenestar til dei som treng det mest

Alver Høgre vil:
- Leggje til rette for at eldre får fleire gode leveår der dei opprettheld god helse og livskvalitet, meistrar eige liv og får den helsehjelpa dei treng når dei har behov for den.
- At sjukeheimar ikkje berre skal vera ein opphaldsstad for behandling og pleie, men også ein stad for aktivitet og fellesskap.
- At eldre skal kunne ete godt, vera i aktivitet og ha det sosialt i lag med andre.
- Sikra betre oppfølging av både dei som får helsehjelp heime og dei som bur på sjukeheim.
- At kommunen skal tilby minst ein time aktivitet dagleg til sjukeheimsbebuarane.
- Jobbe for gje eldre gode matopplevingar gjennom «spisevenn-ordning», og vurdere etablering av kjøkken på dei stadane eldre og pleietrengande er i omsorg.
- Sikra gode kulturtilbod til eldre.
- Legge til rette for at sjukeheimane kan få ei større rolle som forsamlingsstad i lokalsamfunna sine.
- Jobbe for eit tilbod til eldre rundt digital assistanse, f.eks. som ei heimeteneste, eller på bibliotek og servicetorg. Eit analogt og praktisk alternativ skal alltid vera tilgjengeleg for publikum også.
- Skape ein aldersvennleg kommune der alle får ein verdig alderdom.
- Regulera for bygging av seniorbustadar, med kort avstand til butikkar og andre tenester.
- Starte planarbeidet og sikre tomtar for å bygge ut sjukeheimskapasiteten, slik at vi er rusta til å møta framtidas kapasitetsbehov.
- Ha fritt brukarval der dei eldre får valfridom til sjølv å bestemme kven som kjem heim til dei for å utføre alle heimebaserte tenester.
- Sikra gode rutinar når eldre vert skrivne ut frå sjukehus og sjukeheim, og blir overført til heimetenesta.
- Skape helse- og omsorgstenester på innbyggjarane sine premiss.