Ein skule der alle kan lykkast

Opplæringa må vera bygd rundt kvar enkelt elev, og kommunen som skuleeigar må legge til rette for eit godt og variert læringsmiljø. Vi meiner at skulen skal målast på bruk av ny lærarplan, utvikling og evne til å nytte beste praksis.
To-lærarsystem i norsk, mattematikk og engelsk, tidleg innsats, dyktige og kvalifiserte lærarar og ei god skulehelseteneste er viktige verkemiddel for ein god skule. Kartlegging av eleven, læring og trivsel er viktig for å betre undervisninga og elevens skulekvardag. Kunnskap gjev moglegheiter for alle.
Alver Høgre vil:
- At alle elever skal ha ein trygg og mobbefri skule.
- At strukturane i oppvekstsektoren skal vera effektive, moderne og fagleg forankra. Det legg grunnlag for god kvalitet i undervisninga og god og tidleg innsats for dei som treng hjelp. • Legge til rette for tilpassa undervisning til dei som ligg framfor læringsmåla og som treng ekstra utfordringar.
- Styrke tiltak som sikrar god overgang mellom barnehage – barneskule, barneskule – ungdomsskule og ungdomsskule – vidaregåande skule.
- Legge til rette for auka bruk av digitale verktøy i skulen.
- Arbeide for at fleire som treng det får tilpassa undervisning gjennom praktisk arbeid, gjerne i samarbeid med næringslivet.
- Betre nytta samarbeidet med foreldre i FAU som frivillige ressursar i tiltak for å betre skulemiljøet.
- Styrke etter- og vidareutdanninga for tilsette i skulen.
- Satse meir på tidleg innsats frå 1. til 4. klasse, med prioritering på lesing, skriving og rekning • Styrke tilsette sin kunnskap på å fange opp signal om psykiske vanskar hjå barn og ungdom. • Styrke skulehelsetenesta.
- Arbeide for å oppretthalde og vidareutvikle eit godt vidaregåande skuletilbod i Nordhordland.
- Ha ei positiv innstilling til private skular som ønskjer å etablera seg i kommunen.
- Snarast realisere ny ungdomsskule på Frekhaug.
- Arbeide videre for ny Eikanger skule og ny barneskule på Manger.