Samarbeidsavtale mellom H og Ap

Ap og Høgre har inngått avtale om samarbeid i kommunestyret i perioden 2015-2019.

Frå 2003 har Høgre vore i opposisjon i kommunestyret i Austevoll. Gjennom desse 12 åra har Høgre funne saman med Ap i ei rekke saker. Ved kommunevalet i Austevoll i 2015 fekk Høgre ein oppslutnad på 37,8 prosent og Arbeidarpartiet 24,2 prosent. Med 62 prosent av stemmene i Austevoll er valresultatet eit klart mandat frå veljarane om å gjennomføre eit politisk skifte. Arbeidarpartiet og Høgre har derfor søkt saman i eit valteknisk samarbeid. Arbeidarpartiet og Høgre har også funne grunnlag for å etablere ein politisk plattform for dei neste fire åra. Den politiske plattforma vil vere tonegivande for satsingar i kommunebudsjetta og i saker som blir fremja i kommunestyret.