Barnehage og skule

Høgre vil legge til rette for læring gjennom heile livet. Dei gode vilkåra skapar me gjennom tidleg innsats, god fagleg kvalitet, skule-heim samarbeid, tiltak som fremmar lærelyst og trygge omgjevnader. Vi skal arbeide for læring frå ung alder og ein fagleg sterk skule som rustar unge for framtidige samfunnsutfordringar.Barnehagen er grunnlaget for vidare læring. Det er ein viktig arena for språkleg utvikling, og for integrering og sosial utvikling. Kommunen skal styrke kompetansen blant dei barnehagetilsette for å betre forholda for utvikling for våre minste.

Austrheim Høgre vil:

Ha full barnehagedekking og eit variert og godt barnehagetilbod medgode inne- og utemiljø

Til det beste for barna og dei tilsette, arbeide for at Kalandbarnehage også får betre og meir funksjonelle lokalitetar, sett i samanheng medskulestrukturen i kommunen

Arbeide for å få fleire mannlege pedagogar i barnehagane, for å bidratil eit endå betre oppvekstmiljø

Satse på kompetanseheving for tilsette i barnehagen og grunnskulen

Støtte arbeidet med tidleg innsats og bruken av ”La Linja” somkvalitetssikringssystem for barna i heile opplæringsløpet

Stimulere til auka samarbeid mellom dei to grunnskulane

At det skal utarbeidast ein tydeleg tiltaksplan for å få vekk mobbing,støy og uro i klasserommet, og at læraren skal gis moglegheit til å handheveden

At også elevar med høg fagleg kompetanse skal få tilrettelagtundervisning

At det skal gjennomførast prøver i symjeferdigheitsom ein del av kroppsøvingsfaget i 4., 7., og 10.trinn,. Det skal gjevasttilbod om ekstra opplæring i etterkant til dei elevane som ikkje når krava på4.trinn

Kartlegge og følgje opp læringsresultat på kvar enkelt skule. Haopenheit om resultata

Arbeid for å samle ungdomsskuletrinnet på ein stad.Dette vil føre til mellom anna eit breiare fagmiljø blant lærarane og ei meirtenleg og rasjonell utnytting av lokalitetar og utstyr.

Større fagmiljø og meir samarbeid lærarane imellom vil fremjekvaliteten i læringsarbeidet og auke læringsutbyttet for elevane

Støtte samarbeidet mellom ungdomstrinnet og den vidaregåande skulenetter mønster for 8-13-skuleprinsippet

Arbeide for å behalde Austrheim vidaregåande skule (AVS), at skulen fårbygt nytt, tenleg og framtidsretta skulebygg og at prosjektet vert snarlegrealisert

Arbeide for at AVS får styrke sitt tilbod innan studiespesialisering oghelsefagleg utdanning og etablere havsport som eige programfag

Styrke samarbeidet mellom det lokale næringslivet og skulane

Arbeide for eit høgskuletilbod i Mongstadområdet