Helse og omsorg
Helsesektoren er eit av kommunen sine viktigaste tenesteområde, og eit område som vil stille auka krav til kommunal innsats etterkvart som andelen eldre aukar. Høgre vil møte utfordringar i helsesektoren ved å satse på førebyggjande tiltak, engasjere eldre til ein aktiv alderdom og sjå til at det finst eit godt tenestetilbod for alle pleie- og omsorgstrengande. Vi skal legge til rette for ein god kommune for alle, uavhengig av helse, alder og livsfasesituasjon og vil legge vekt på folkehelse, aktiv kvar dag.
Austrheim Høgre vil:
Sikre at barn og familiar som treng det får hjelp og støtte frå barnevernet så tidleg som mogleg
Arbeide for at helsestasjonen gir eit godt tilbod til småbarnsfamiliar og ungdom
Styrke støtteapparatet for fosterfamiliar som tar ansvar for barn med særskilde behov
Etablere program for rusførebygging i grunnskulen som inkluderer barn og føresette
Styrke primærhelsetenesta ved å tilsetje fast ein 3.dje kommunelege
Arbeide for kommunal tannhelseteneste
Følgje opp tiltak i samband med Samhandlingsreforma for å sikre den einskilde innbyggar sin rett til rehabilitering og praktisk bistand til helsehjelp
Sikre reell valfridom gjennom brukarstyrt personleg assistanse, for å gje auka sjølvstende og moglegheit for eit vanleg liv, også når ein treng hjelp i kvardagen
Legge til rette for at også menneske med særskilde behov skal kunne ta del i fritidstilbod og få moglegheit til å reise på ferie
Støtte arbeidet med tilrettelagte arbeidsplassar
Legge til rette for at dei eldre kan vere aktive samfunnsborgarar og oppretthalde og vidareutvikle seniorsenteret
Legge til rette for at eldre kan bidra som ressurspersonar i eksempelvis barnehage, skule og institusjonar
Støtte opp om drifta av Furuly Eldresenter på årås
Følgje opp tiltak knytt til eldremeldinga
Gje tilbod tilpassa den einskilde, enten som støtte i eigen heim ved å ta i bruk omsorgsteknologi, i servicebustad eller på Nordliheimen
Arbeide for å få på plass eit dagtilbod for demente som er fysisk friske
Legge vekt på tilgjenge for alle (universell utforming) i samfunnsutviklinga
Bidra til utvikling av regionalt helsehus og legge til rette for at helsehuset også kan drivast i samarbeid med private aktørar
l