Kultur og fritid
Deltaking i frivillige organisasjonar av ulik art skapar tilhøring, fellesskap og lokal identitet. Frivilligheit bidrar til gode opplevingar for store og små, og er ein viktig del av samfunnet vårt. Høgre meiner at eit levande og rikt kulturliv er viktig for livskvalitet, læring og helse. Høgre vil ha eit mangfald av kulturuttrykk, og vi meiner det er med på å gjere Austrheim til ein meir attraktiv stad å leva.
AustrheimHøgre vil:
Bidra til at vi har gode møteplassar i alle deler avkommunen
Jobbe for at Austrheim har fritidstilbod for allemålgrupper
Prioritere støtte til lag og organisasjonar somarbeider for barn og ungdom
Støtte biblioteket sitt arbeid for å fremje leselyst
Arbeide for at barn og ungdom får aktuelle og variertefritidstilbod og god tilgang til sjøaktivitetar og fysisk aktivitet
Samarbeide med Redningsselskapet slik at barn fråbarnehagane og skulane blir kjende med tryggleik på sjøen
Arbeide for at idretten skal ha gode vilkår og sikrevedlikehaldet av Austrheim Idrettspark
Sikre drifta og vedlikehaldet av det nye ungdommenshus ved Austrheimhallen slik at ungdomsklubben har eit best moglegfritidstilbod
Vidareføre NAV-prosjektet Ungdomslosen
Fornye ruspolitisk handlingsplan
Støtte haldningsskapande arrangement m.m. som gjeldtrafikk, ungdom og fart
Arbeide for å få ei permanent motorsportbane – vart oppådd i juni 2015
Ta vare på kystkulturen og gjere den allment kjent
Støtte arbeidet med landbruksdagen, kulturdagane,kystsogedagane saman med Fonnesdagane og havsportveka
Ta vare på Austrheim kyrkje som ein viktig kulturarv
At alle innbyggarane skal oppleve at dei har eittilbod som gjer det mogleg å vere fysisk aktiv i naturen, ved og på sjøen og iidrettsanlegg, uansett alder og behov