Søk

Kultur og fritid

Deltaking i frivillige organisasjonar av ulik art skapar tilhøring, fellesskap og lokal identitet. Frivilligheit bidrar til gode opplevingar for store og små, og er ein viktig del av samfunnet vårt. Høgre meiner at eit levande og rikt kulturliv er viktig for livskvalitet, læring og helse. Høgre vil ha eit mangfald av kulturuttrykk, og vi meiner det er med på å gjere Austrheim til ein meir attraktiv stad å leva.

Austrheim Høgre vil:

Bidra til at vi har gode møteplassar i alle deler av kommunen

Jobbe for at Austrheim har fritidstilbod for alle målgrupper

Prioritere støtte til lag og organisasjonar som arbeider for barn og ungdom

Støtte biblioteket sitt arbeid for å fremje leselyst

Arbeide for at barn og ungdom får aktuelle og varierte fritidstilbod og god tilgang til sjøaktivitetar og fysisk aktivitet

Samarbeide med Redningsselskapet slik at barn frå barnehagane og skulane blir kjende med tryggleik på sjøen

Arbeide for at idretten skal ha gode vilkår og sikre vedlikehaldet av Austrheim Idrettspark

Sikre drifta og vedlikehaldet av det nye ungdommens hus ved Austrheimhallen slik at ungdomsklubben har eit best mogleg fritidstilbod

Vidareføre NAV-prosjektet Ungdomslosen

Fornye ruspolitisk handlingsplan

Støtte haldningsskapande arrangement m.m. som gjeld trafikk, ungdom og fart

Arbeide for å få ei permanent motorsportbane - vart oppådd i juni 2015

Ta vare på kystkulturen og gjere den allment kjent

Støtte arbeidet med landbruksdagen, kulturdagane, kystsogedagane saman med Fonnesdagane og havsportveka

Ta vare på Austrheim kyrkje som ein viktig kulturarv

At alle innbyggarane skal oppleve at dei har eit tilbod som gjer det mogleg å vere fysisk aktiv i naturen, ved og på sjøen og i idrettsanlegg, uansett alder og behov

        Aktivt marknadsføre Austrheim som ein god kommune å bu i, og legge til rette for attraktive bustadområde

 Arbeide for at fleire innbyggarar får tilgang til sjø med båtplassar og naust