Miljø

Vår generasjon skal løyse utfordringane knytt til menneskeskapte klimaendringar. Utfordringa er å stogge endringane, slik at vi ikkje skyv utfordringa vidare til komande generasjonar. å overlate naturen i minst like god stand til neste generasjon. Høgre legg føre var-prinsippet til grunn, når Austrheim skal arbeide mot menneskeskapte klimaendringar. Det er avgjerande at innsatsen vert sett inn der den gir størst positiv effekt for miljøet. Energi- miljø- og klimapolitikk må ikkje ende opp som symbolpolitikk.

Austrheim Høgre vil:

Krevje heving av ubåten U 864 og fjerning avkvikksølvet frå havbotn utanfor Fedje. Tildekking er ikkje noka løysing.

Arbeide for å betre oljevernberedskapen

Verne om fiske og fugleliv i kommunen

Vurdere oppdrettskonsesjonar opp mot konsekvensar vedutslepp til sjø, påverking av villfisk, fare for rømming av oppdrettsfisk oglakselusproblematikk

Stimulere til fjerning av unødig og skjemmande skog

At kabling, ikkje luftspenn, skal vere hovudmalen forlinjeframføring i sårbare område

Fremje auka bruk av EL-bil og EL-sykkel

Legge til rette for at kommunale kaiar vert opprustaog gjort tilgjengelege gjerne i samarbeid med grendalag eller lokale båtforeiningar

Støtte utvikling av Teknologisenter Mongstad