Søk

Miljø

Vår generasjon skal løyse utfordringane knytt til menneskeskapte klimaendringar. Utfordringa er å stogge endringane, slik at vi ikkje skyv utfordringa vidare til komande generasjonar. Å overlate naturen i minst like god stand til neste generasjon. Høgre legg føre var-prinsippet til grunn, når Austrheim skal arbeide mot menneskeskapte klimaendringar. Det er avgjerande at innsatsen vert sett inn der den gir størst positiv effekt for miljøet. Energi- miljø- og klimapolitikk må ikkje ende opp som symbolpolitikk.

Austrheim Høgre vil:

Krevje heving av ubåten U 864 og fjerning av kvikksølvet frå havbotn utanfor Fedje. Tildekking er ikkje noka løysing.

 Arbeide for å betre oljevernberedskapen

 Verne om fiske og fugleliv i kommunen

 Vurdere oppdrettskonsesjonar opp mot konsekvensar ved utslepp til sjø, påverking av villfisk, fare for rømming av oppdrettsfisk og lakselusproblematikk

 Stimulere til fjerning av unødig og skjemmande skog

At kabling, ikkje luftspenn, skal vere hovudmalen for linjeframføring i sårbare område

 Fremje auka bruk av EL-bil og EL-sykkel

 Legge til rette for at kommunale kaiar vert opprusta og gjort tilgjengelege gjerne i samarbeid med grendalag eller lokale båtforeiningar

 Støtte utvikling av Teknologisenter Mongstad