Offentligforvaltning

Politikk handlar om å prioritere. Gode resultat når ein ikkje berre ved auka pengebruk. Dei oppnår me gjennom god ressursutnytting og krav til resultat. Dette krev ein effektiv kommune, ei fornuftig forvaltning av kommunal eigedom og framtidsretta løysingar. Høgre skal fremme ein ansvarleg styringspolitikk som gir innbyggarane eit best mogleg tilbod. Det er dei rette prioriteringane som gir oss dei resultata me ynskjer.

Austrheim høgre vil:

Evaluere styringsstrukturen i kommunen snarast i komandekommunestyreperiode

At det skal arbeidast for eit stabilt driftsresultat påminimum 1,75% av samla driftsinntekter

Søke offentleg og eller offentleg/privat samarbeid der detgir positiv verknad for innbyggarane i form av betre tenester

Etablere tydelege rutinar i høve til ”årshjul” for plan,tiltak og måloppnåing

Utvikle tenestene til beste for brukarane

Arbeide for at brukarane får raske svar ved kontakt medoffentlege kontor

Ha auka fokus på dialog med innbyggarane

At ungdomsrådet, eldrerådet og rådet for menneske mednedsett funksjonsevne skal få reell påverknad i utviklinga av tenestene som angår dei

Innføre spørjetime for innbyggarane i kommunestyret, ogtilgang til offentlege møte ved overføring på internett

Arbeide for eit offentleg velferdstilbod som sikrar hjelpnår vi treng det

Støtte opp om arbeidet med ny kommunereform der måla ergode og likeverdige tenester til innbyggarane, samt ei heilskapleg og samordnasamfunnsutvikling. Vidare vil vi støtte opp under ny kommunereform for å bringefram bærekraftige og økonomisk robuste kommunar og eit styrka lokaldemokrati

At alternativet med Lindås, Meland, Radøy og Austrheim skal sjåast på som eithøgst aktuelt alternativ å få utgreidd, og ynskjer snarast å tiltre allereiepågåande prosess