Samferdsel og infrastruktur
Eit velfungerande samfunn treng gode veg og kommunikasjonssamband og Høgre vil sjå på samferdsel i eit breitt perspektiv. Det lokale næringslivet er avhengig av effektiv transport, både lokalt og mot andre landsdelar. Innbyggarane i Austrheim har krav på å kome trygt fram mellom arbeid og heim, skule og fritidsaktivitetar. Det er viktig både for privatbilisme, kollektivtrafikk og varetransport at vi løyser flaskehalsar og sikrar farlege vegar.
Austrheim Høgre vil:
Arbeide for å få fiber ut til bygdene våre
Arbeide for betre trafikksikring spesielt påstrekningar der barn ferdast
Arbeide for at det vert gang- og sykkelveg langsAustrheimvegen gjennom heile kommunen.
Arbeide for betre vegstandard og eit godt vedlikehaldav vegane i kommunen.
Arbeide for at hurtigbåtane framleis skal ha stopp påVardetangen
Arbeide for eit betre bussamband Manger-Mastrevik,spesielt med tanke på elevane ved AVS
Bidra til at Nordhordlandspakken vert realisert, medsærleg vekt på Nyborgstunnellen
Arbeide for vedlikehald avog vidare utbyggingav vatn- og avløpsanlegg
Arbeide for betre og kontinuerleg vedlikehald avkommunale bygningar, og val av gode og varige løysingar ved nybygg.