Søk

Samferdsel og infrastruktur

Eit velfungerande samfunn treng gode veg og kommunikasjonssamband og Høgre vil sjå på samferdsel i eit breitt perspektiv. Det lokale næringslivet er avhengig av effektiv transport, både lokalt og mot andre landsdelar. Innbyggarane i Austrheim har krav på å kome trygt fram mellom arbeid og heim, skule og fritidsaktivitetar. Det er viktig både for privatbilisme, kollektivtrafikk og varetransport at vi løyser flaskehalsar og sikrar farlege vegar.

Austrheim Høgre vil:

Arbeide for å få fiber ut til bygdene våre

Arbeide for betre trafikksikring spesielt på strekningar der barn ferdast

Arbeide for at det vert gang- og sykkelveg langs Austrheimvegen gjennom heile kommunen.

Arbeide for betre vegstandard og eit godt vedlikehald av vegane i kommunen.

Arbeide for at hurtigbåtane framleis skal ha stopp på Vardetangen

Arbeide for eit betre bussamband Manger-Mastrevik, spesielt med tanke på elevane ved AVS

Bidra til at Nordhordlandspakken vert realisert, med særleg vekt på Nyborgstunnellen

Arbeide for vedlikehald av og vidare utbygging av vatn- og avløpsanlegg

Arbeide for betre og kontinuerleg vedlikehald av kommunale bygningar, og val av gode og varige løysingar ved nybygg.