7 gode grunnar til å røyste Høgre i Bremanger

1. Barnehagar der folk bur

Høgre vil sikre god bemanning i barnehagane, gje fleire tilsette i barnehagane etter-og vidareutdanning, sikre at barnehagane har gode lokaler innomhus, trygge uteområder som inspirerer til leik gjennom fysisk aktivitet og legge til rette for fleksible opningstider, tilpassa folks ulike arbeidsmønster.

2. Ein skule som ser den enkelte eleven

Sjølv om elevtalet går ned, vil vi oppretthalde den skulestrukturen vi har i dag, så lenge det er pedagogisk og sosialt forsvarleg. Fådelte skular har mange fordelar, særleg i høve til å følgje opp den enkelte eleven. 

At bygda har skule, er òg viktig for dei som skal rekruttere nye medarbeidarar. Ein skule nær der folk bur er godt for miljøet, og skapar bulyst.

Høgre vil forsterke innsatsen mot mobbing, vald trakassering og diskriminering i skule og barnehage, sikre at elevar har moglegheit til å gje tilbakemelding på korleis dei trivast og lærer på skulen, til dømes gjennom elevundersøking og tilpasse undervisninga betre til den enkelte elev, anten eleven treng ekstra oppfølging, eller ekstra utfordringar.

3. Leve heile livet – livskvalitet for dei eldre

Høgre vil fortsette arbeidet med å gjennomføre kvalitetsreforma “Leve heile livet”. 

Mange eldre i Bremanger er einsame. Einsemd kan føre til ulike helseutfordringar, som til dømes angst og depresjon. Samvær med andre menneske gjer ikkje berre godt for den enkelte, men verkar òg førebyggjande.

Både kommunen og mange frivillige gjer mykje for dei eldre i dag, men mykje kan gjerast betre. Høgre vil arbeide for å opprette fleire dagtilbud og møteplasser for dei eldre, gje dei eldre moglegheit til å gje tilbakemelding på korleis dei har det, gje tilbod om etterutdanning til tilsette, få fleire lærlingar og styrke rekrutteringsarbeidet av kompetent personell, både i og utanfor institusjonane våre, og styrke samarbeidet med dei frivillige sitt arbeid for dei eldre. 

4. Hjelp når du treng det

Alle skal kjenne seg trygge på at dei får helsehjelpa dei treng, når dei treng den. Endringane i dei prehospitale tenestene og flytting av legevakta til Florø, har medført hendingar som gjer folk utrygge på at dei vil få den hjelpa dei treng, når dei treng den. Likeeins den stadig tilbakevendande debatten om flytting av både legar og helsestasjon, frå Hauge til Svelgen. 

Høgre vil arbeide for ei betre/lågare responstid enn den vi har i dag, behalde legar og helsestasjon i både indre og ytre og vurdere ulike turnusløysingar i høve rekruttering av fastlegar/legevakt.

5. På lag med jobbskaparane

Det private næringslivet er ein av bærebjelkane i samfunnet. Utan jobbskaparane våre, vil folketalet stupe enda brattare. 

Kommunen skal være tilretteleggar og støttespelar, både over for eksisterande bedrifter og bedrifter i oppstartsfasen. Kommunen skal sørge for oppdaterte planar og tjenleg infrastruktur og bidra med midlar gjennom næringsfondet. Gode planar, moderne infrastruktur og målretta verkemiddel gjev langsiktige og forutsigbare vilkår for både trivsel, vekst og utvikling.

6. Eit berekraftig reiseliv

Reiselivsnæringa vår er ei næring med stort vekstpotensial i kommunen vår. Difor treng dei eit ekstra fokus for å komme vidare.

Kommunen skal legge til rette for at attraksjonar og aktivitetar er tilgjengelege heile året, og dermed bidra til å utvikle heilårsturisme.  

Høgre vil styrke samarbeidet mellom friluftsliv og reiseliv, slik at viktige naturattraksjonar blir godt tilrettelagte og framstår som attraktive og utan unødig slitasje og forsøpling. Kommunen skal også legge til rette for god merkevarebygging rundt Bremanger sine natur- og kulturopplevingar.

7. Meir blå og grøn industri

Fiskerinæringa er særs viktig for oss på kysten. Høgre vil at denne næringa skal ha gode moglegheiter for vekst fremover, og vil tilrettelegge for det. Arbeidet med å få realisert fiskerihavna på Kalvøya skal fortsette. 

Det grøne skiftet kan også bli eit stort skifte for Bremanger. Såkalla grøn industri ønskjer å etablere seg i kommunar med mykje fornybar kraft, og freistar med mange nye arbeidsplassar og nye innbyggjarar. Høgre er opne for det nye, men vil sikre at ny industri skjer på ein bærekraftig måte, der omsyn til sårbar natur, eksisterande bedrifter og menneska som bur her, må stå sentralt.