Grethe – den blide sørstrendingen!

I serien om våre kandidatar til kommunevalet 2023, presenterer vi nr. 6 på lista vår, Grethe Håheim

Livlege Grethe Håheim finn du på 6. plass på Høgre-lista for Gloppen!

Grethe Håheim (71) bur på Nedre Arnestad på Sørstranda.  Huset står luftig plassert oppe på ein knatt langs Fv615, med flott utsikt over Gloppefjorden og Nordstranda. Eigedomen er eit småbruk, der Grethe likar ta seg ein tur i skogen som høyrer med til bruket.  – Vedhogst er god trim, meiner Grethe.

Grethe er sambuar med Harald, og ho har fire vaksne born, og fem barneborn.  Å synge i Rygg Songlag og i Operakoret i Nordfjord har vore kjekt, og ho er no også elev på Gloppen Kulturskule, der ho prøver å setje seg inn i fiolinen og pianoet sine hemmeligheiter!  Enno meir får ho tid til: Ho er medlem i Gloppen Taekwondoklubb, og trenar der.  Og skulle det vere enno litt tid til overs, er reising ein del av livet. – Favorittområdet min er Andalucia i Spania!

Grethe er utdanna spesialsjukepleiar i psykiatri, og familieterapeut. Ho har dei siste åra i jobb vore i Bufetat, men er no pensjonist.

Fritida er verdfull for Grethe. – Eg likar veldig godt og arbeide med hage og plantar, og har mange gode stunder mellom blomster og hagevekstar.  Mine interesser har lenge vore dette som har med landbruk og dyrking å gjere.  Fleire må prøve å dyrke noko sjølv, ein finn mykje helse og glede av å halde på med «det jordiske», seier ei entusiastisk Grethe. – Skulehagar og parsellhagar må ein gjerne prøve å få til i Gloppen.

Grethe er levande oppteken av gang- og sykkelvegar, og draumen er å kunne sykle samanhengande på sykkelveg frå Sandane til Sande. – Det må vi jobbe for, ivrar Grethe. – Det er viktig både for trafikktryggleik, og ikkje minst for folkehelsa.

Så må Høgre i Gloppen og politikarane elles jobb for ei god og solid eldreomsorg.  – Eldre er ein viktig resurs i kommunen!

Det er viktig å støtte opp om gode rammer for næringslivet i Gloppen. – Eit allsidig og godt næringsliv skaper arbeidsplassar, og det bidreg til auka busetnad.  Kommunen må ha fokus på å tilrettelegge både for privat og offentleg utbygging, meiner Grethe.

Haustens val blir spanande. – Eg trur vi får ei større kommunestyregruppe ved dette valet. Vi har eit godt program og flotte listekandidatar.

Til slutt seier Grethe at ho beundrar Erna Solberg. – Ho viser imponerande evne til å halde fokus, og ho er ikkje minst kunnskapsrik. Ho var m.a. ein svært stødig statsminister under covid-epedemien.  Ho lyttar til andre, er respektfull, og har gode evner til samarbeid. – Vi heiar på Erna i 2025!