Beate E. Klokset – listedebutant med klare meiningar!

Beate er lærar på Sandane skule, engasjerer seg i fotball, og likar å gå i fjellet. Ikkje minst vert ho engasjert når temaet er elevar og opplæring.

Beate er 45 år, bur saman med mann og fire born på Søreide i Gloppen. – Vi har verdas finaste utsikt, seier den blide dama, ei utsikt som femner om Bukta, Gloppefjorden, Sør- og Nordstranda, og sjølvsagt fjella. 

Og fjella betyr mykje for Beate.  Ein del av fritida går med til fjellturar, og til turar i nærområdet.  Men også heimlege sysler får ho tid til.  Borna skal følgjast opp med det dei driv på med, og fotballen ligg høgt på aktivitetslista for familien, og ikkje minst må det til litt baking innimellom.

Beate er eigentleg frå Selje. Difor går gjerne ferieturen dit, i alle fall når det er snakk om kortreist ferie. – Det er noko med lufta, havet og fjella der ute som berre gjer at skuldrane senkar seg fullstendig. Elles er eg glad i campinglivet, eller reiser i utland generelt. Eg likar å oppleve forskjellige land og stader i heimlandet. Det er kjekt å sjå nye plassar. – Høgt på «bucket-lista» ligg ein tur til Skotland og Italia, smiler Beate drøymande.

Beate E Klokset er lærar på Sandane Skule.  Ho er difor sjølvsagt interessert i spørsmål som har med opplæring og skule å gjere. – Eg ynskjer at vi skal jobbe for at det ikkje berre er KFK (Kompetanse for Kvalitet) fram til og med 2025, men så lenge lærarane ynskjer å studere og auke kunnskapane sine. Kontinuerleg kompetanseheving gagnar alle, både elevane og lærarane.

I tillegg ynskjer eg at det blir satsa på meir fokus på Norsk 2 systemet. Her er det alt for lite bemanning i forhold til kor mange elevar som er i skulane. – Eg meiner det nærast kan kallast eit overgrep mot dei nye som kjem hit når dei blir plasserte i klasserom der dei ikkje forstår noko av det som blir sagt.

Beate meiner ein treng ny skule på Sandane snarast. – Sandane skule var bygd for 125 elevar. Til hausten har vi om lag 270 elevar. Det seier seg sjølv at der er trongt om plassen!

Ho er svært oppteken av skulevegar. – Alle elevar treng trygg skuleveg. Når barna på t.d Søreide er 13 år, har dei ikkje lenger rett på skyss. Den smale vegen på Søreide med mykje trafikk, er farleg. Barn er barn, sjølv om dei går på ungdomskulen! Eg syns vi skal jobbe for ein gangveg frå veslebrua på Søreide og opp i Åsen. Då kan elevane trygt sykle opp dit, via kunstgrasbana og ned Ulvesbakken. Til det er realisert, må vi gje ungdommane tilbod om skuleskyss, meiner Beate bestemt.

Når det gjeld favorittpolitikar, er svaret frå Beate klinkande klart. – Erna Solberg! Ingen over og ingen ved sidan! Ho er ei dame som faktisk svarar på det ho blir spurt om, og held det ho lovar. Og viss det er noko ho ikkje kan love, så seier ho det også. Ho seier at ho vil jobbe for… Det likar eg med politikarar! Sei det som det er og svar på det du blir spurt om!

I Gloppen opplever ho noko av det same. – Eg har stor tru på dei fremste på lista vår i Gloppen Høgre. Dei er som Erna, seier tinga som dei er, og som dei skal jobbe for! Dei er framoverlente, framtids- og samtidsretta. Eg håpar at veljarane i Gloppen ser dette og tenkjer at det kan vere sunt med ei endring. Ikkje alt er betre, når alt skal vere so det pla! – På mange område treng vi ei endring, seier ei engasjert og klar Beate E Klokset, som trivst med sol og sommar og verdas beste utsikt på Søreide!