Beate Dybendal Nordvik er fyrstekandidat
Nominasjonsmøte iGloppen Høgre har samrøystes valt fylgjande liste til kommunevalet i 2019: 1.Beate Dybendal Nordvik 2.Dagfinn Nyhammer3.Sølvi Sunde 4.Roar Henden 5.Kjell Mardal 6.Jan Ove Rygg 7.Ørjan Tystad 8.Robert Andre Moldestad 9.Inge Roger Alme 10.Kari-Ann Flølo 11.Erling Haveland12.Hans Os 13.Sjur Atle Austrheim.
Vi meiner vi har ei liste med gode kandidater, og vilgjerne presentere 3 av dei her:
Beate er 46 år og flytta til Gloppeni 2010. Ho er gift og har to barn.
Hoarbeider for Fjord Energi AS på Sandane og held på med ei mastergrad i samfunnsplanleggingog leiing ved Høgskulen i Volda.
Fråtidlegare har ho tilsvarande bachelorgrad i varehandelsleiing og har heilearbeidslivet jobba med sal og i ulike administrative stillingar.
Beatesit i styret for Nordfjordbrua AS og i Gloppen Næringsorganisasjon.
Hoer leiar i Sandane Turn og Idrettslag og i Idrettsrådet i Gloppen og har breiarbeids- og organisasjonserfaring.
Eiviktig politisk sak for henne er oppvekstvilkåra for barn og unge i eit vidtperspektiv, både skule og fritidsmiljø.
Elleser ho oppteken av å legge til rette for næringsutvikling, kommunikasjon,infrastruktur, samfunnsutvikling og folkehelseutvikling. Ho vil arbeide for eitgodt rutetilbod ved Sandane Lufthamn, og jobbe for å legge til rette for å gjereGloppen meir attraktiv for tilflytting.
Dagfinn, 68 år, er fråGulen, og kom til Sandane og Firda Gymnas i 1967. Han har jobba 45 år i Sparebanken Sogn ogFjordane, og er no pensjonist. Han er gift,har 3 barn og 7 barnebarn.
Hovudinteressatil Dagfinn er idrett, og politisk meiner han det er viktig å legge til rettefor fysisk aktivitet for alle innbyggarane i kommunen. Dette gjeld på alle plan, frå barn og ungetil mosjonistar, og til dei som vil drive toppidrett. Å skaffe gode trenings-og konkurranseanlegg for topp- og breiddeidrett er viktig, og også å halde vedlike anlegg vi allereie har.
Andrehjartesaker er veg og kommunikasjon, mellom anna bru Anda-Lote, gang- og sykkelvegarog gode kommunale vegar. Det er også viktig for Dagfinn å legge til rette fortilflytting til Gloppen. For å klare dette, er det å ha nok barnehageplassareit viktig verkemiddel.
Sølvi, 55 år, flytta tilBreim for 30 år sidan. Ho er gift og har 2 vaksne barn. Ho er frisør og harhatt eigen salong i 30 år. Ho er aktiv i dugnadsarbeid i Breim, og opplever dettesom meiningsfylt. Sølvi har og vore tillitsvald i frisørlauget.
Viktigepolitiske saker for henne er oppvekstvilkåra for barn og unge, utbetring avvegane i kommunen og tilrettelegging for næringsutvikling. Ho vil arbeide forutbetring av strekningane Breim – Sandane, Hyen – Storebru og Sandane –Bukta. Også gang- og sykkelvegar, mellomanna mellom Reed og Byrkjelo er ei viktig sak for Sølvi. Ho meiner og at det erviktig å legge til rette for bustadtomtar i heile kommunen.
Gloppen Høgre vil gjerne vere med i diskusjonenom ordførar- og varaordførarverva. Beate Dybendal Nordvik har stor respekt forordførarrolla, og meiner valresultat og samarbeidspartar bør vere avgjerandefor kven som skal vere ordførar.