Covid-19, utanlandsk arbeidskraft og EØS-avtalen

Utanlandske gjestearbeidarar er ikkje berre viktig for landbruket, dei er også viktige for store delar av næringslivet vårt.

Vi har den siste tida sett reportasjar både i Firda og Firda Tidend der vi kan lese at fleire frukt, bær og grønsakdyrkarar er bekymra for om dei utanlandske gjestearbeidarane vil kunne komme til Noreg for å jobbe både nå i våronna, og med innhaustinga til sommaren.

Mange peikar på at mykje av dette arbeidet kan norske ungdomar gjere slik det gjerne vart gjort tidelegare. Frå landbruket peikar dei på at dette er krevjande fagarbeid. Mange av dei som vanlegvis kjem til Sogn og Fjordane har vore her i 10-12 år, og kjenner arbeidet og oppgåvene godt. I tillegg vert det peika på at det er ein lønnsskilnad på norsk og utanlandsk arbeidskraft.

Situasjonen med Covid-19, og alle tiltaka som er sett i verk for å redusere spreiing av viruset, har sjølvsagt store konsekvensar for mange. Det er viktig å merke seg at landbruket vert bekymra når tiltaka får konsekvensar for ei av dei fire grunnpilarane som EU og EØS samarbeidet er tufta på, nemleg fri flyt av arbeidskraft.

Utanlandske gjestearbeidarar er ikkje berre viktig for landbruket, dei er også viktige for store delar av næringslivet vårt. Industri, handel og sevicenæringa er, i tillegg til landbruk, alle gode døme på næringar der Noreg har mange utanlandske gjestearbeidarar.

Dette synar kor viktig EØS-avtalen er, også for landbruket.

I Sogn og Fjordane, og på heile Vestlandet er landbruk og oppdrett viktige næringar. EØS-avtalen gir oss ikkje berre tilgang på arbeidskraft som vi treng i landbruket. Den gir oss også tollfritak for eksport av fleire typar fisk og ikkje minst er veterinæravtalen viktig for sjømatnæringa. Med denne avtalen er handel mellom Noreg og EU fritatt frå veterinær grensekontroll og attestkrav.

Enkelte hevdar at EØS avtalen kan erstattast med bilaterale avtaler mellom Noreg og andre land, eller gjennom handels-og samarbeidsavtalar med EU for å sikre våre interesser. Å reforhandle EØS-avtalen med sikte på å få i stand ein betre avtale er i beste fall ambisiøst, og mest truleg håplaust. Forhandlingane mellom EU og Storbritannia synar at dette er ein kompleks og krevjande øving.

EØS-avtalen gir oss tryggleik, og gjer at vi unngår potensielle omkampar om tilgang på arbeidskraft som er heilt naudsynt for landbruket på Vestlandet.