Fekk informasjon om Firda vidaregåande skule
I samband med Sandanedagane fekk Gloppen Høgre besøk avStortingsrepresentant Liv-Kari Eskeland og fylkespolitikar i Hordaland SveinHalleraker. I tillegg til å stå på stand i sentrum nytta vitida til gode møter.
Vi hadde møte med rektor Hallgeir Hansen på Firda VGS kor vi fekk vi god informasjon om skulen. Både Hansen og lokalpolitikarar frå Høgre peika på Firda VGS si rolle i Gloppen og kor viktig det er med desentralisert skulestruktur i distrikta. Både Eskeland og Halleraker bur på Stord og er einige i at ein desentralisert skulestruktur er viktig. Dei legg også vekt på at dette gjer det lettare med eit godt og tett samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og nærlinglivet. Dei vart også imponert over den sokalla «Gloppenmodellen» som må være reine Kinderegget når det gjeld språkopplæring, integrering, og utdanning.
Generelt kjente dei seg godt att i dei sakane vi tek opp og dei utfordringane vi har her i distriktet. Hordaland er mykje meir enn Bergen og store delar av Hordaland, og vi her i Gloppen og resten av Sogn og Fjordande vil ha mange felles interesser i det nye Vestland fylke.