Frivilligheita – ein pilar i samfunnet
Gode, trygge vaksne som bryr seg er viktig for mange barn og unge.
Stadig oftare høyrer vi politikarar som peikar på idretten når det gjeld samfunnsoppgåver som inkludering eller tiltak for betre folkehelse.
Idretten gjer allereie ein stor og viktig jobb på desse område. Andre deler av frivilligheita bidrar til andre viktige samfunnsoppgåver. Til dømes er både Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske redningshundar ei viktig del av beredskapen i både lokalt og nasjonalt.
Også for den einskilde er frivilligheita viktig. Verdien av å høyre til eit godt sosialt fellesskap er viktig. Gode, trygge vaksne som bryr seg er viktig for mange barn og unge. Å ha eit trygt og godt tilbod på ettermiddagar, på kveldar og i helgane har stor verdi for mange.
Frivilligheita har stor betydning både for den einskilde og for samfunnet og det er ingen tvil om at den byggjer sterkare lokalsamfunn som gir gode bu og oppvekstmiljø.
I Gloppen har vi ein stor frivillig sektor som vi skal vere stolte av, og vi skal være takksam for alle dei timane som mange legg ned til beste for nærmiljøet og kommunen.
Høgre vil sette frivilligheita på dagsorden og arbeide for betre rammevilkår for den frivillige innsatsen. Vi vil mellom anna jobbe for å etablere eit fond som skal nyttast til å forskottere spelemidlar. Dette vil bidra til betre forutsigbarheit for idrettslaga når dei har prosjekt som skal startast opp.