Hans Os – veteranen på Høgrelista

Hans Os har ein litt tilbaketrekt plass på Høgre-lista. Det betyr ikkje at han er utan meiningar, tvert i mot er Hans engasjert til tusen. Men no mener han at det absolutt er tid for å få fram nye krefter. – Så kan vi veteranane sitje litt i bakskuten og pushe på. – Eg er stolt over lista vår, seier mannen, som er fødd i Hyen, og no bur på Vereide.

Hans Os (69) er ein veteran i Gloppen-politikken.  Han har vore medlem i Gloppen Høgre sidan slutten på 80-talet, og vore ei trufast sjel både i lokalstyre, og som medlem i kommunestyre og utval.

I lokalstyret kom han inn i 1990, og vore med der inntil nyleg.  I 1987 vart han valt som varamedlem i kommunestyret, og kom inn fast i 1991.

 – Den mest interessante perioden var dei fire åra eg var leiar i administrasjonsutvalet, fortel Hans.  Arbeidsgjevarpolitikk er noko av det eg ser som mest viktig i kommunen. Tydeleg og god leiing er viktig for å skape trivsel på alle dei kommunale arbeidsplassane. Trivsel på arbeidsplassane gjev god utnytting av den viktige resursen dei tilsette er.

Hans er fødd i Ommedalen i Hyen. – Eg gjekk barneskulen på Klype i Gjengedal, så framhaldskule i Hyen og ungdomsskule på Sandane, fortel han. Etter ungdomsskule vart det eit år på handelsskule i Førde.

Handelsfaga var godt å ta med seg. – Ein kollega og eg starta Flyservice i 1980, og dette selskapet hadde ekspedisjonsavtale med Widerøe til i 2008. Vi starta og eit selskap som dreiv bilutleige og eit selskap som hadde kiosk på flyplassen i nokre år.

– Før det, etter å ha gjort unna militærtenesta, jobba eg eit halvår på butikk i Volda.  Kanskje var det der interessa for handel og butikk for alvor dukka opp, undrar Hans, som også har hatt ekspedisjonsavtale med både Widerøe og Jetpak om bringing av gods i heile Nordfjord.

Nokon som hugsar butikken «Det Meste»?  – Den starta eg i 2004, men den vart nedlagt fire år seinare. Etter det fekk eg drosjeløyve, og arbeidsdagen vart på Sandane Drosjesentral, og har vore det fram til no, mimrar Hans. No håpar han at nokon ønskjer å overta dei to løyva han har.  – No vil eg snart nyte det å vere pensjonist!

Hans Os bur på Vereide, på ein flott utsiktstomt rett ovanfor Folkehøgskulen.  Han er gift med Reidun, som er lærar på Nordstranda Skule.  Saman har dei tre born og seks barneborn.  Og nettopp difor ser han fram til pensjonistlivet. – Å få meir tid til å vere i lag med barneborna er mitt store ønskje, kjem det frå nesten-pensjonisten.

Hans Os er ein positiv person, med ja-mentalitet når han blir spurd om noko.  Han hadde vel eigentleg tenkt at i år fekk høgrelista bli utan han, men han var ikkje vanskeleg å overtyde til ein ny periode på lista. – Det er rett å sleppe nye og yngre til, men det er også kjekt for oss veteranane å kunne vere med å hjelpe til. Å stå på ei politisk liste er også ein form for dugnadsinnsats, meiner han. 

– Eg er stolt av å stå på ei liste med så mange dyktige kandidatar, avsluttar Hans, samstundes som han ønskjer godt val til alle!