Historisk: Gloppen Høgre med seks i kommunestyret

Gloppen Høgre har ikkje alltid hatt suksess med valresultata, og ved førre val vart det stang ut, med 1 -ei-stemme for lite til 3 mandat. Denne gongen, derimot….. Vi er i possisjon, saman med Ap, KrF, MDG og V.

Dei ti første hos Gloppen Høgre, etter oppteljinga. Sjå facebokgruppa vår for komplett liste

Alle er viktige!

Detter er kommunestyregruppa til Gloppen Høgre komande periode.

To ** bak namnet betyr fast medlem, ei stjerne betyr vara til kommunestyret.

Dette betyr at 15 av dei 20 som stod på vallista vår er her. Men dei 5 andre er like viktige. Dei har sagt ja til å stå på lista, dei har køyrt ut lister og brosjyrar, dei har stått på stand, og dei er ikkje minst gode partivener! Vi har bruk for dykk neste gong også, vi har bruk for dykk som medlemer i dette «Winning-teamet», og vi håpar at de også vidare engasjerer dykk i medlemsmøte og anna som Gloppen Høgre finn på! Takk for innsatsen så langt!

No ønskjer vi å rekruttere fleire medlemer – det må vere litt kjekt å vere medlem i eit politisk parti i medvind. Gloppen Høgre håpar at de som allereie er med kan vere med å skaffe fleire nye. Her kjem fleire val!

Link til medlemsskap: https://hoyre.no/bli-med/bli-medlem/