Historisk i Gloppen

Gloppen Høgre har inngått eit valteknisk samarbeid med Ap, KrF, Venstre og MDG, og dermed får vi den første ordføraren på 55 år som ikkje er frå Senterpartiet. Høgre får varaordførar, og det har vi heller ikkje hatt tidlegare

Desse styrer Gloppen dei komande fire åra: Alf Erik Røyrvik (V), Mariel Eikeset Koren (MDG), Jan Ove Rygg (H), Arnar Kvernevik (AP) og Per Ståle Husevåg (Krf). (foto: Svein Ottar Sandal)

Gloppen Høgre fekk seks medlemer i den nye kommunestyregruppa. Desse er: Jan Ove Rygg (varaordførar), Beate Dybendal Nordvik (gruppeleiar), Runar Kleppe, Lisbeth Stensaker, Sjur Atle Austrheim og Reidar Moldestad.

Varamedlemer (9 stk), er Ørjan S Tystad, Ola Sundt Ravnestad, Kari Ann Flølo, Grethe Håheim, Kim Kristen Eide, Dagfinn Nyhammer, Per Inge Hole, Hans Os og Beate E Klokset.

I tillegg til varaordførar, får Gloppen Høgre leiar i Samfunnsutvalet. Tirsdag 19. september held gruppa møte, der ein går gjennom kva utval den nye kommunestyregruppa inkl varafolka skal delta i, og kven som skal vere på dei ymse postane.

27. september konstituerer det nye kommunestyret seg.