Jan Ove er klar!

Bli kjend med listekandidatane til Gloppen Høgre. Vi kjem til å presentere fleire i litt tilfeldig rekkefølgje framover, men det er naturleg å starte med listetopp og ordførarkandidat Jan Ove Rygg.

Jan Ove Rygg (61) er fødd på Sørstranda i Gloppen, og trakka barneskoa der.  I vaksen alder har han gjort karriere i Luftforsvaret, både som aktiv jagarflygar, og til slutt som brigader og sjef for Det nasjonale luftoperasjonssenteret i Bodø.  I alt 38 år har Forsvaret vore arbeidsplassen hans.

I 2019 pensjonerte han seg, og flytta då heim att til Gloppen, med kona Kari, som han vart kjend med i tida «nordaførr».  Han har teke over husa på heimebruket, som han likar å kalle «ranchen». Eit år i Texas for å ta jagarflyutdanning er sikkert opphavet til uttrykket!

– Verdifulle erfaringar

Jan Ove er Gloppen Høgre sin ordførarkandidat ved valet til hausten.  Etter ein periode i kommunestyret, der han har vore ein dyktig leiar i kontrollutvalet, har han skaffa seg politisk erfaring.  Denne erfaringa, saman med leiarerfaringa frå forsvaret, gjev god ballast for å takle den viktige ordførarjobben.  – Som sjef for det nasjonale luftoperasjonssenteret for Luftforsvaret i Bodø var eg ein del av kommandoteamet til luftforsvarssjefen.  Dette var ein 24/7-jobb året rundt, der ein måtte vere tilgjengeleg heile døgnet.  Noko av det same vil ein ordførar oppleve, då ein alltid må være budd på at uføresette hendingar kan dukke opp, seier Jan Ove Rygg.

– Eg har gjort meg mine verdifulle erfaringar gjennom eit yrkesaktivt liv, og no, etter ein periode som politikar, er det spesielt tre perspektiv eg vil framheve.  For det første har eg gjennom ei lang karriere som jagarflygar, og gjennom fleire leiarstillingar på høgt nivå i luftforsvaret, lært meg å ta ansvar og stå opp for mine meiningar.  Å kunne ”stå i stormen” under handtering av utfordrande oppgåver meiner eg at eg er godt rusta til, understrekar Jan Ove.

– Det andre perspektivet er at eg som kommunepolitikar og leiar i kontrollutvalet har fått eit godt innblikk i korleis kommunen er organisert og driven som tenesteytar. Det er alltid rom for forbetringar både innan for drift, og lovpålagde tenester. Og sist men ikkje minst, gjennom dei siste åra som drosjesjåfør i Gloppen har eg fått møte mange av våre innbyggjarar. Alle med sine unike personlegdomar og med sine ulike behov. Dette har vist meg eit spekter av mangfald blant oss, som eg som ordførar sterkt ønskjer å levere dei beste tenestene for.

– Eg vil først og fremst vere oppteken av å sjå på kva område kommunen kan forbetre seg på som tenesteytar, og korleis. Både i eit kortsiktig og langsiktig perspektiv vil det være viktig for meg å prioritere områda for oppvekst, helse og eldreomsorg svært høgt. Grundige og kunnskapsbaserte prosessar, både politiske og i administrasjonen, vil sikre oss gode tenester over tid til innbyggarane våre. Her finn ein veldig mange lovpålagte oppgåver med krav til kvalitet i tenestene kommunen yter, held Jan Ove fram.

– Verdiane må skapast før dei kan delast

Ordførarkandidaten er også oppteken av  at verdiar må skapast.

– Eg er oppteken av at vi må sjølve skape verdiar før vi kan fordele goder. Eg vil aktivt bidra til å legge forholda best mogeleg  til rette for verdiskaping i det private næringslivet vårt. Vi skal også spele på lag med alle dei mange frivillige organisasjonane i kommunen vår, og sjå etter område for samskaping.  Ein balanse mellom private og offentlege aktørar er særdeles viktig, og det vil legge grunnlag for nytenking, personlege initiativ og nyetableringar.

Ordførarkandidaten!

Grunnmuren for kommunen som føreseieleg tenesteytar vert å ”halde orden i eige reir”. Dette betyr at ansvarleg økonomistyring må være fremst framme når vi politikarar skal gjere våre vedtak. Høgre er eit ansvarleg styringsparti, og eg vil utfordre det regionale nivået, så vel som det nasjonale, på kva utfordringar ein liten kommune står i til dagleg, og kva tiltak som må til for å bidra til gode løysingar.

Til slutt vil eg seie: – Med meg vil de få ein ansvarsfull og  samlande ordførar som vil arbeide målretta for å ivareta alle innbyggarane i kommunen vår. Eg vil fremje ei haldning der vi rosar kvarandre! Vi skal unne naboen å lukkast, og vi skal støtte dei som treng ei utstrekt hand. Ved å framsnakke Gloppen som kommune, og kvarandre som innbyggjarar, vil vi saman skape bulyst og trivsel for oss som allereie bur her, for komande generasjonar, og sjølvsagt også for tilflyttarar til kommunen, avrundar Jan Ove Rygg, nr. 1 på Gloppen Høgre si kommunevalliste.