Jan Ove Rygg ny leiar Gloppen Høgre
På årsmøte 25.januar vart Jan Ove Rygg vald til ny leiar i Gloppen Høgre. Tidlegare leiar Hans Os, ynskte avløysing som leiar, han vart vald som styremedlem.
Med seg i styret har Jan Ove Rygg desse medlemane: Nestleiar Beate Dybendal Nordvik, styremedlemane Dagfinn Nyhammer, Sølvi Sunde og Hans Os. Varamedlemar Ørjan Tystad og Roar Henden.
Årsmøte oppsummerte valåret 2019, vi kom inn med 2 representantar i kommunestyret, som i 2015. Med ei røyst i tillegg, hadde vi hatt 3 i kommunestyret. Tal stemmer auka med omlag 50%.
Vi startar no arbeidet med å auke oppslutnaden ved neste val.