Kim – den blide taxisjåføren

Kim køyrer drosje på Sandane. Han kjem i kontakt med mange i løpet av ein dag, og møter alle med eit sindig og godt smil. Ein stødig «taxi-driver» på 9. plass på Gloppen Høgre si liste!

Kim Kristen Eide (snart 33) bur i Åsahøgda på Sandane. Han bur slett ikkje åleine; kona Susanne og to born på 3 og 4 år gjer at fritida ikkje er vanskeleg å fylle.

Kim har ein mangslungen erfaringsbakgrunn. – For tida er eg taxisjåfør i Sandane Taxi, men eg har også jobba som kokk på Quality Hotel Edvard Grieg, vore lastebilsjåfør, og til og med seljar, fortel han.

Det meste av livet har han budd på Sandane. – Men eg var to år i Stryn og tok utdanninga mi som kokk der.  Vidare har eg eitt år i Høyanger, og to år i Bergen.  No er det altså Åsahøgda på Sandane som er heimebasen, der han og familien trivst godt.

Han har ein stor lidenskap, innrømmer han. – Flugefiske er ein flott hobby! Favoritturen må vere til ei god lakseelv for å slå til med ein storlaks!  Dersom eg skal legge bort flugestonga, er det å ta ein campingtur til for eksempel Lillehammer med familien slett ikkje noko dårleg alternativ.

Kim er ein debutant på ei politisk valliste, men var ikkje framand for tanken på å stille opp.  – Eg er samfunnsinteressert og ser at det er av verdi å stille opp når ein vert spurd om å stille som kandidat i politikken, sa han då han vart spurd om å vere med på lista til Gloppen Høgre. Oppvekstvilkåra til born rundt i heile kommunen er svært viktig å ha tankar om, seier han, og tek med i same snuen at også dei eldre må ha det godt i Gloppen.

Kim har god tru på eit godt resultat for Høgre ved valet 11. september. – Ikkje nokon grunn til at vi ikkje skal auke talet på kommunestyrerepresentantar, vi har dyktige kandidatar på lista som vil gjere ein god jobb i styringa av kommunen, avrundar den blide taxisjåføren, før neste kunde skal ut på tur.