Lisbeth Stensaker, vår gode 4. kandidat

Lisbeth (57) er Intersport Sandane sitt blide ansikt mellom joggesko og treningsdrakter. I år er vi så heldige å ha henne som 4. kandidat på Gloppen Høgre si kommunevalliste.

Lisbeth Stensaker – vårt nye, friske pust på lista!

Lisbeth (57) bur i nybygd hus på Høgenausen på Sandane, med fritt utsyn over Sandane sentrum. Og derfrå ser ho rett ned til arbeidsplassen hennar gjennom dei siste 15 åra; Intersport.

Huset har ho bygt saman med ektemannen Gunnar, etter å ha budd i husvære på Dampskipskaia nokre år. Dei har to vaksne søner som har flytta ut.  Paret har kjøpt seg bubil, og ho lovprisar investeringa, som gjev dei mykje glede, og ikkje minst fridom på helge- og ferieturar. Til sommaren ber det på tur igjen, og dette er eit liv ho tilrår for mange andre!  I tillegg til å reise rundt i eige land, er det også kjekt med utanlandsturar. – Å oppleve andre land og kulturar er topp!

Noko av fritida si nyttar ho til beste for Breimskoret, der ho ikkje berre syng, men også har vore både styremedlem og leiar. – Eg synest det er veldig kjekt å synge i Breimskoret, seier Lisbeth.  – Vi har ofte eit mål med det vi jobbar med, og det er flott å kunne få til noko i lag! 

Lisbeth er ikkje nokon røynd politikar, men er interessert i det som rører seg. – Eg har ikkje vore med i noko politisk parti før, men ein gong må vere den første, smiler ho.

Skule og utdanning, samt eldreomsorg er nokre av dei sakene som ligg hjarta nærast.  – Ved å legge til rette for ein god og trygg skule, legg ein gode grunnlag i kvar einskild elev. Meir praktisk undervisning i skulen, god kvalifiserte og engasjerte lærar, og etterutdanning for lærar; det er vesentleg, meiner Lisbeth. – Vidare må ein legge til rette for gode barnhagetilbod i heile kommunen, minner ho om.

Ikkje berre dei yngste ønskjer Lisbeth å tilgodesjå.  I andre enden av livsløpet finn ein dei eldre. – Ein verdig og trygg alderdom, der ein så lenge som mogeleg får bu i eigen bustad med gode tenester, og god tilrettelegging er viktig.  Omsorgsenter og sjukeheimar må ha nok bemanning, og dei som har arbeidsplassen sin der må ha gode arbeidsvilkår, seier Lisbeth.

Lisbeth er ein smilande og positiv person.  – Gloppen er ein fantastisk kommune, med mange og flotte bedrifter.  Desse må heiast på, kommunen må legge til rette slik at dei kan få utvikle seg, og vi er dermed med på å skape fleire arbeidsplassar.  Gloppen blir attraktiv å flytte til, smiler Lisbeth entusiastisk.

Lisbeth sender også ein invitasjon til veljarane i Gloppen. – Gje Høgre ein sjanse til å vise seg med ei større gruppe i kommunestyret. Det kan du ved å nytte stemmesetelen vår!